24 november 2011

Anmeldung Seglem in Altenburg

KLIKK FOR Å GJERA DEN LESELEG!

23 november 2011

Spelferd, anmeldung 2 - (Deutsch gelesen!)

Another review - and (again) this Garbapappa.... :-) Funny they can not find other and more original tags. But I guess it´s not easy for them, when they don´t know about my music, my CD-productions... since 1988. I have never been in the shadow of Mr.G.
I have my own sun!

22 november 2011

EKSPLOSIVT BRYGG (DE)

CLICK ON THE REVIEW TO MAKE IT BIGGER.
This from our concert in Ravensburg. Great stage, great audience. Thank you!

Spelferd, anmeldung (Deutsch gelesen!)

20 november 2011

Spelferd i sør, Helbedündorf


Eg var ein augneblink redd for at dette skulle bli eit nytt point of no return. Eg mista telefonsignalet like før me køyrde inn i denne vesle grendi og stogga bilen utanfor der Kunsthof. Ei halvforvirra dame med ein kosebamse under armen opna døra og babla rasande fort på tysk. Me såg på kvarandre og forstod ikkje eit kvekk. Vårt tyske crew sat framleis inne i bilen. Like etter hoppa mannen hennar? fram i ein skikkeleg tøysete hatt og med skikkeleg tilgrisa oljete nevar. Han dreiv visst å fiksa noko. Så me klemte underarmen hans og sa guten tag og namna våre. Han hadde også ein augesjukdom så det var uråd å sjå han inn i augo. Ein absurd velkomst. Me fekk kvart vårt store rom og like etter vart me vist bort til Kunsthof Friedrichsrode. Ein stor gammal låve som framleis var under restaurasjon. Eg pusta letta ut. Dette var eit fint rom med lys og «scene» (på flatt golv), og det var godt og heitt der inne. Også her brukte me eigen PA og lys, så det vart litt arbeid på Ingo og Thomas. Siste gig. Ei spelferd går utruleg fort. Rommet hadde eindel klang og var veldig fint å spela i. «Ingen gjekk i bassfella men passa seg for den». Det kom litt folk. Men for få. Me har fortjent fleire. Det hadde nok ikkje vore særs marknadsføring. Me leverte ein god konsert. Igjen. Nokre av låtane har aldri vore så bra som no. Solid respons og ei god avslutning på turneen. Eg solgte Cd´ar for like mykje som i Altenburg - der det var 120 i salen!
Etter konserten fekk me god vin og synet av Opheim&Bergman berande på ein ølkasse i mørket på veg til losjiet vårt, sit i minnet. Me klarte ikkje å drikka opp den men hadde ei fin stund på rommet til Thomas og Ingo (ja dei hadde dobbeltrom. Det skal ikkje skje). Håkon fortalde i kjent stil den eine vitsen etter den andre. Kommunismen og sosialismen og nazismen vart også debattert må veta. Thomas la seg i køyesenga i totida. Det var på tide å komma seg ut - og under si eiga dyne. Spelferda var over for denne gang.

Også neste år er eg del av Norwegian Jazz Launch, eit internasjonalt lanseringsprogram for norske jazzmusikarar som er i ferd med å etablere ei internasjonal karriere. Norwegian Jazz Launch er eit samarbeid mellom UD, Norsk Jazzforum og Rikskonsertene. Det er eg svært glad for. Eg veit at neste turné skal bli «betre» på alle vis. At eg kan løfta det opp til eit høgare nivå. Men dette er sjølvsagt avhengig av god drahjelp. Og riktig marknadsføring. Stuart Nicholson i Jazzwise og Terje Mosnes i Dagbladet har begge poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte. Det må eg bruka for alt det er verdt. Og for å seia det med Ingo Rau - vår eminente teknikar: Når ein turné er ferdig er det begynninga på ein ny turné. Me går igang med planlegging av November-turne 2012 med ein gang.

Spelferd i sør, Altenburg

Ved inngangsporten til der Schloss im Altenburg hang det eit irrgrønt skilt på muren:

Me skulle spela i Bachsaal, tretti-tre trappetrinn opp i spiral. For ein sal. Høgbarokk. Eg meinar dette er ein av dei beste konsertane me har gjort så langt på turnéen. Eg syns alt klaffa. Det må bli eit klipp frå den konserten på youtube tenker eg.
I teksten om konserten i programmet til Jazzklubben i Altenburg er ordet folklore nemnt. Eg er ikkje særs glad for det. Den musikken eg presenterer har ingenting med folklore å gjera. Det må ikkje brukast i presentasjonen av meg eller musikken min. Eg veit ikkje kvar det kjem frå. Kven som har skrive det. Den musikken eg framfører med bandet mitt på denne turnéen er unik, ja: «one of a kind». Det å kobla hardingfele med trommer, elektriske instrument, bukkehorn og tenorsax - i eit band med så mykje improvisasjon, er faktisk eineståande. Det er vanskeleg å setta ord på kva det er. Og mange klarar det ikkje. Forsåvidt er det ikkje noko poeng heller. Musikken min ligg i grenselandet mellom det tradisjonelle og det moderne. Og desse omgrepa er i utgangspunket vage, med plass til å putta alle mulege merkelege ting inn i, for å seia noko om musikken. Kva er tradisjonell i denne samanhengen? Kva er moderne? Samklangen mellom min tenorsaxofon og hardingfela til Håkon? Eit tradisjonelt og eit moderne instrument?
Det er så mykje meir, så mange små ting som gjer at det blir den musikken det blir.
Eg skriv det igjen: Ting tek tid. Eg har langt på veg lykkast i å forma eit særpreg eg er åleine om. Eg veit også at potensialet for å nå ut til langt fleire er der. Det handlar mellom anna om å spissa det og vera langt meir tydeleg og fokusert i marknadsføringa.
Omgrepet world-jazz er ikkje mykje i bruk. Kanskje fordi det nettopp er så få som driv med det. Eg har altså alle muligheitar til å gjera det betre. Rotnorsk world-jazz. Rooted world-jazz. World-jazz with roots? World-Jazz. Det er den nemninga som er mest dekkande: Karl Seglems world-jazz. Noko heilt anna enn det eg tenker når eg høyrer ordet folklore!

18 november 2011

Spelferd i sør: Gotha

Forholdsvis kort køyretur til former east germany. Eg har spelt eindel gonger i Thüringen før men aldri vore i Gotha. Denne kvelden stod me på ei stor Kulturhaus bühne. Huset må ha vore bygd tidleg på 60-talet, og minna litt om samfunshuset i Øvre Årdal :-) interiørmessig, men var tre gonger så stort - minst! Men lyden var også litt lik. Litt ungdomsminner dukka opp. Merkeleg nok. Balkongar, raud skai, speglar og greier. Sikkert 500 sitteplassar. Ei gedigen scene der me rigga heilt i front og fekk det raude teppet drege for bak oss. Der hadde det nok vorte vist og spelt saker og ting før murens fall. Altså lenge før oss. Bak scenen store garderobar og mykje løge å sjå. Når eg sa frå scenen at eg likte slike salar lo folk! Stefan bassist lurte veldig på kvifor dei lo: Me diskuterete det litt. Kanskje det at dei ikkje er stolte over slike bygg - og alt det har representert? Dei syns ikkje det er fint. Fordi dei ikkje har fått naudsynt avstand til alt som skjedde før november 1989?
Konserten var midt på treet (og det er ikkje godt nok), men igjen storvegs respons frå nærare eit hundre publikumarar. Ekstranummer måtte til. Eg signerte CD´ar og vart teke bilde av saman med «mine største fans» som ekteparet sa. Mannen fortalde at han hadde alle 27 CD-utgjevingane mine. Eg var imponert.
I Gotha kom eg igang med jogging. Det var jammen på tide. Hotellet hadde ikkje internett som fungerte, så då slapp eg å sitta og fikla med det. Springing gjer meg godt. Etter kneoperasjonen 1. september iår har eg ikkje sprunge. Trur faktisk ikkje eg har sprunge særleg sidan turnéen i november ifjor. Kneet er mykje betre enn nokon gong, iallfall på lenge. Eg kjente ingen ting ilt lenger. Fantastisk. Kneet virka. Sprang både torsdag kveld og fredag morgon. Supernøgd!
Spelferda er inne i siste fase og det må girast opp. Må halda giren. Halda energien opp så ein kan gje alt på konsertane. Då er fysisk aktivitet grunnleggande viktig. Etter så mange dagar på vegen har ein lett for å bli sløv og mista litt fokus. Det skal ikkje skje. Det er god stemning i bandet. Lite surmuling og klaging. Det går nokså smooth og eg er veldig glad for det. Tydeleg at me begynnar å bli ein samkøyrt gjeng både musikalsk og ellers - når det gjeld alle dei små og store ting som skal tilretteleggast og klaffa før - under - etter ein konsert. Me avslutta kvelden i Gotha med eit herleg måltid mat. Biff rett og slett. På hotellet ved jernbanestasjonen. Så ropte puta frå høgt frå rom 214. Eg høyrde den heilt ned i restauranten og lydde - (det betyr å gjera som nokon seier).

17 november 2011

Spelferd i sør: Marburg

KFZ - DER Kulturladen in Marburg. WOW what a place! Denne klubben hadde lenge stått på ønskelista men det lykkast altså ikkje før onsdag 16.november 2011. Her var alt på stell. Me vart skikkeleg godt mottekne av Gerthi - og eg meinar me toppa konsert-nivået på spelferda så langt. Me gjorde ein superbra konsert rett og slett. Alt klaffa - og med fantastisk bra lyd - både på og ut frå scenen. Eg hadde superlytting til liks med dei andre tre. Som om alt festa seg og datt på riktig plass både spelemessig, dynamisk og kommunikativt. Me hadde sjølvsagt eit utruleg bra publikum også som responderte veldig - og løfta oss alle. Eg får vel passa meg for å skryta for mykje og legga i veg med fleire adjektiv men me hadde altså ein super-kveld! Bilder kjem!
Eg er også glad for at eg valgte å ikkje delta på BDP denne dagen men drog direkte til Marburg i turné-van og ikkje med fly om ettermiddagen etter seminar. Eg var faktisk for sliten til at eg hadde hengt med i svingane og fått noko utbytte av det. Eg har nok ein evne til å overvurdere meg sjølv og mine krefter. Eg er glad for at eg tok det valget. Trur ikkje konserten hadde vorte halvparten så god om eg kom halsande rett på jobb via Frankfurt. Som den opprinnelege planen min var.

Spelferd i sør: Zehdenick

Eg fekk med meg litt av BDP denne dagen også. Møtte mellom anna Peter Schultze som no driv Sendesaal Bremen som har vorte ei privat stifting. Det er eit stort "gammalt" profesjonelt radiostudio der eg har hatt konsertar iallfall tre gonger. Nydeleg sal. Den stod i fare for å blir riven - men den er redda. Det er von om å få spela der neste år.
Zehdenick ligg omlag 80 kilometer nord om Berlin men me brukte lang tid. Mykje trafikk. Kom fram og gjekk inn i eit nydeleg rom. Eit gammalt kloster som no er galleri og konsertarena (fine bilder på fjesbok!). Som nevnt har me med oss ein eigen PA iår - og lys. Full rigg denne ettermiddagen. Det gjekk veldig fort greit og effektivt. Det kom litt lite folk. Var vel omlag 30-40. Me spelte litt rolegare og balansert. Meir kontrollert kanskje. Det var både riktig og fint meinar eg. Rommet innbaud ikkje til heftig trøkk. Eg lente meg litt tilbake og kjente at det var riktig å ikkje pressa ting. Musikken er open og må få leva ulikt på ulike stader med ulikt publikum. Eg meinar eg har ein fleksibilitet i musikken min. Den er ein stor styrke. Det blir ikkje dårlegare om ein jobbar innanfor mindre parameter i høve til f.eks volum og trøkk. Krafta er der. Det er veldig godt å kjenna slike kveldar som dette. Me gjorde eit sett og hadde ferdigpakka bil rundt klokka elleve. Og me brukte mykje kortare tid tilbake til Michelberger Hotell i Berlin. Det er forresten ein veldig bra ting her sør, og det er at konsertane begynnar i skappeleg! tid (som me seier i Sogn). Ofte klokka halv åtte eller åtte. Når me spelar eit sett som ikveld betyr det at me ikkje får øydelagt verken arbeidsdagen eller reisedagen etter. Og me spelar betre. fordi me er betre opplagt. Ein er meir sliten klokka ti eller elleve om kvelden enn klokka åtte. Det er eit sterkt og viktig argument i "kampen" for å få forklart for konsertarrangørar i Norge, kanskje særleg Oslo, at det er ein heilt tåpeleg og idiotisk ting (også i høve til å bygga eit vaksent publikum) mange driv med der nord: starta konsertar både klokka ti og elleve. Altfor seint. Det skulle vore obligatorisk start-tid nasjonalt! Alle konsertar av dette slaget startar klokka 20.00.
Me rakk altså å ta eit glas i baren på hotellet denne kvelden også - men eg var for kjempesliten til å fylla det glaset. Hupps i seng med seg....

15 november 2011

Spelferd i sør: Berlin

Music Export Norway er i vinden! Eg meldte meg på Business Development Program for å få meir kunnskap og kjennskap til tysk musikkbransje. To dagars seminar i Oslo i september og litt over tre dagar her i Berlin denne veka. Eg tok fly frå Münster tidleg om morgonen og kom på plass på ambassaden der seminaret var. Fekk mellom anna med meg info frå Gema - og stadfesta at her må eg ta tak for å få inn framføringskroner. No MÅ eg få Tono i tale. Bandet måtte køyra den lange veg frå Münster til Berlin, og me sjekka inn på dette hyggelege og særprega hotellet Michelberger (her eg sit og skriv) nøyaktig på samme tid igår. Dei hadde vore på musikkbutikk og brukt litt lenger tid enn planlagt. Kjøpt gitarar, cymbalar og anna snadder. Eg har fått supre nye øyresett!! eller hovudsett? (direkte oversatt). Me kom oss til jazzklubben bFlat og rigga og lydprøvde med knappe marginar - men alt greit. Det er eit fint rom å spela i det. Det er høgt under taket - så ein får litt igjen av rommet på scenen. Ingo i front rett framom scenen og me gav jernet... igjen. Ravensburg-kritikken seier litt. Den er å finna på nett! Bandet begynnar å låta farleg godt.....
Eg er glad for at det også kom nokre BDP-deltakarar og folk frå MEN. Ikkje mange der heime i Oslo av bransjefolk som har høyrt dette bandet.
Det vart sein kveld. Eg vart sittande å prata og drikka vin. Samtaler med mange folk, Frithjof, Eivind B. (Marketing is the key word!), Lene F. Håkon H. og Kåre O. Stor stas og mykje radl. Både om eitt og hitt.

14 november 2011

Spelferd i sør: Münster


Hot Jazz Club er namnet på ein klubb i Münster. Det tok omlag 6 timar i turnébilen å komma seg dit frå Herrenwies. Søndag er trailerfridag på Autobahn. Det er forbudt med all transport av varer forutan matvarer og dyr! Behageleg å forflytta seg nesten 600 kilometer altså. Det går fort og jamnt. Og transportmiddelet er vel litt større enn ein bil. Også iår leiger vi stor blå turné-van av Higway Tiger i Berlin, med god plass til folk og utstyr. Iår dreg vi på eigen PA i tillegg til backline, så det er nokså fullt. PA´en kom godt med på Turning Point og me vil komma til å trenga den seinare i veka.
Hot Jazz Club hadde hatt mange oppegåande musikantar på besøk. Bakrommet var dekorert med plakatar av kjende amerikanske saksofonistar og gitaristar og programmet for November var ei fin blanding av utanlandske namn som saksofonistane BIll Evans og undertegna, samt ein god del tyske og europeiske jazz, blues og funk namn. Oppegåande folk som dreiv klubben. Det merkar ein fort. I det ein stig inn døra. Det kjennes forresten ut som om ein har vore på arbeid ei stund etter så lang biltur. Ein blir sliten av det. Sjølv om ein ikkje lear seg stort. Det hjelp jo ikkje at ein har med joggesko når ein ikkje får tid til å bruka dei! Men eg skal - i løpet av denne turnéen også. Eg var svært nøgd ifjor med å ha jogga fem av ti turnedagar. Det hjelp både psykisk og fysisk
Litt mørbanka og stiv går ein så igang med rigg og lydprøve. Me hadde litt knapp tid til dørene opna men kom fint imål. Herleg å rigga på ein scene med lys og varme - og lyden sat som eit skot. Klare.
Ikkje utsolgt hus der men igjen: eit fantastisk engasjert og lyttande publikum som var der frå første stund. Me løfta taket - kanskje særleg i sistesettet. Eg følte det begynte å ligna noko :-) Solid langvarig applaus. Ekstranummer. Klapping igjen. Bukking og speling! Me heldt det gåande i to timar og det er nok. Bra CD-salg etterpå og kommentaren: «I hope you never will stop making Norwegian style in your music. Don´t do as (a name).......... that has started to copy america. It is so boring», tok vel kaka. Løfta kvelden enno eit hakk. Rett i bilen etter litt mat. Natti natti stuptrøytt og skulle tidleg opp.

13 november 2011

Spelferd i sør: Herrenwies


Me spelte på ein pøbb i svartaste skogen :-) Schwarzwald (Black forest), 860 moh.
Turning Point.
Den fekk fort namnet point of no return. «It is a great honour that you come to such a place like this and play your fantastic music» sa ein mann til meg etterpå. Etter opningskonserten og mottakinga i Ravensburg var det ein forholdsvis tøff overgang, kontrast, å komma inn i det rommet der me skulle ha konsert. Frå elden til oska? Iskaldt, ingen scene. Ein trang krok rett på iskaldt golv i ein smal pøbb, i kjellaren på eit stort bolighus langt ute i skogen. Der stod hyllemeter med hyllemeter med vinyl-plater i baren, og den hadde eit rikhaldig utvalg av fulle og halvtomme flasker av alle slag. Interiøret ellers var henta ut frå ein tysk skrekkfilm med ulike rekvisittar som spente frå ugler i taket, dryppstein i keramikk i det boga taket, til eit kranie i ein krok (eg sjekka ikkje om det var ekte), kjetting med armlås frå middelalderen og ulikt snadder frå hippie-tida fram til idag. «I have been doing this since 1972» sa den gråskjeggete mannen som vart meir og meir snakkesalig utover kvelden og som eg fekk sigar av til slutt! Han hadde heilt sikkert ikkje turka ein einaste støvklut eller vridd opp ei vaskefille ein einaste stad i kjellaren der sidan då. Turning Point var nedgrodd i drit rett og slett, noko som sette interiøret i ei eige lys, bokstavleg tala. Prosenten spindelvev på tak og vegger var høg.
Men dei slo av det meste av lyset ved åpningstid. Smart. Me stod i halvmørke og spelte. Eg hadde ei raud lyspære frå 70-talet (ein slik trekantkube de veit) midt i fleisen. Og Kåre og Håkon sat på trebenker i kvart sitt hjørne. Speling frå dimme krokar. Det kom folk og staden var ikkje stor. Då blir det jo fort fullt. Eg begynte å få varmen i kroppen midt i første sett etter mange timar i kulden. Medan me åt middag snurra verten vinyl. Ei forholdsvis heftig innspeling med Roland Kirk frå 1973, ljoma over god suppe med pølse i, salat og bakt feta med kvitløk og krydder. Mat kan dei her på kontinentet.
Publikum var lyttande - også her. Stemninga steig. Super respons og fleire kom bort etterpå for ein prat og for å fortelja at dei hadde hatt ei sjeldan fin oppleving. Vertskapet var også veldig nøgde. Me vart sittande i den særprega baren ei god stund utover. Det vart natt rett og slett. Fin samtale med Mick «It´s all about marketing». Han meinte eg burde skaffa meg betre marknadsførarar og fokusere på bodskap. Spissa marknadsføringa mot jazz - Han var heller ikkje i tvil om at det vi presenterte var på eit nivå langt over det den plassen presenterte til vanleg og prisa seg lykkeleg for at han hadde kome. Han var i tvil fordi det var presentert som folkemusikk også. Det likte han ikkje. Folkemusikk altså. Eg fekk noko å tenka på i forhold til branding og marknadsføring. Hadde eg berre funne ein som tente 100 % på musikken og ville hjelpa på ferda vidare! Dream on Karl.... Eg fekk med med vinyl-låtar frå Cobhams «Spectrum» Zappa´z «Live in New York» frå 1976, «Black Market» og «Wish you where here» live. Vinyl har ein eigen lyd og der i kjellaren - på den stereoen med store horn-høgtalarar i taket og sub i hjørnet, lét det utruleg tøft. Skikkeleg flashback på ein måte. Som om tida stod stille, hadde stått stille. Ei slags oppsummering: Musikken tek meg med til mange stader, også fysisk. Turning Point er ein stad eg vil hugsa. Uforgløymeleg. Men eg er ikkje sikker på om eg vil attende dit -
Var supre bassist Stefan Bergman er ivrig og suveren fotograf. Her frå vår ferd.

12 november 2011

Spelferd i sør: Ravensburg



Ja eg har turnert før. Og no har eg lagt ut på ny novemberturné i Tyskland. Der skal eg skal gjera ni konsertar på like mange dagar. Opningskonserten på Riksscenen i Oslo onsdag gjekk særs bra. Eit entusiastisk publikum tok godt imot oss i den turre lufta i kjellaren på Schous plass. Hygrometeret synte 10%. Det er ekstremt. Felene til Håkon ville knapt vera med og stemmeskruane nærast spratt ut. Flisi på saxen turka på eit blunk. Merkeleg at dei ikkje dei vil gjera noko med det i eit rom der det stort sett vert spelt akustisk musikk - og mykje på feler av ulikt slag. Me leverte eit langt og godt sett vil eg meina. Også iår er det meste av musikken henta frå mitt siste album Ossicles. Det var nominert til Spellemannprisen og fekk Folkelarmprisen tidlegare i haust. Inspirerande! Onsdag var me fem på scenen - men eindel av økonomiske årsakar og eindel av musikalske årsaker - som å prøva noko anna med andre musikarar, dreg eg iår på spelferd med kvartett: t.sax/bukkehorn, hardingfele, bass/el.gitar og trommer/perk. Tilbake til besetningen som er på Femstein. Musikken blir på ein måte opnare og kanskje tydelegare mot folkemusikken, eller at den er rota i hardingfele-lyden, melodikken-, rytmikken-, spelet.

For ein førstekonsert! Her sør. Mållaus. Utsolgt hus. Tre ekstranummer etter å ha spelt nærare 80 minutt. Superkveld. Takk Tyskland. Her finst nyfikne lyttarar. Det er utruleg inspirerande -


Igår George Duke, idag Karl Seglem, imorgon Mike Stern.

And what a review!

04 november 2011

Spelferd i sør



Det blir nok overskrifta på turen eg legg ut på om ei veke. Neste fredag. Årets turne med world-jazz. Eg gler meg like mykje som tidlegare år. Mandag møtes karane med instrument - og det skal spelast i nesten fjorten dagar. Heldige oss. Heldige publikum som vil lytta på akkurat oss. Ein konsert i Norge og ni i sør - i Tyskland. Rundt omkring frå små scener til mellomstore og til større scener om ikkje så veldig store. Kapasitet-snittet på konsertstadene er vel kanskje på 130? Gler meg til å spela for det tyske publikum igjen. Eg har ambisjonar om å skriva blogg kvar dag frå neste fredag. Så følg med - om du vil!