31 oktober 2016

Spelferdsøndag

--> Arbeidet med min akustiske jazzkvartett har pågått sidan 2008. Då var tida moden for å prøva noko nytt. Nemleg å presentere mine nyarrangerte komposisjonar for Eple trio. Det skjedde første gang i eit øverom på NMH i Oslo og eg hugsa at eg var oppløfta og glad etter den øvinga. Kvartetten har gjennom det som no er fire utgjevingar utvikla ein eigen lyd eg meinar vi er åleine om. Bås-tenkjaren i meg kallar det melodiøs folkjazz med store rom for improvisasjon. Vi har noko eige, vi formidlar noko eige. Vi set rett og slett ein ny standard for den delen av norsk jazz vi no er ein del av (Om du vil eller ei, og om vi vil eller ei). Publikum i utlandet er ifrå seg. Frå mottakinga av Nordic Balm i Tyskland saksar eg:

"Nordic Balm representerer eit nytt høgdepunkt i historia til denne kvartetten. Mellom nærast hymnisk nyting, elastisk fjøring, og klarheit blir resultatet ein vedunderleg balanse mellom kjærleik til melodilinjer på den eine sida og rom for improvisatorisk fridom på den andre"  Jazzthetik (DE)

"For eit samspel, for ei gruppe, for ei plate!"  fairaudio.de

"Når sofistikert musikk skal vere balsam for øyra, då er sjølvsagt musikken til Karl Seglem førstevalet. Det finst knapt nokon annan skandinavisk jazzartist som til dei grader dyrkar den lyriske tenorsaksofonklangen og dei inderlege komposisjonane i smeltepunktet mellom jazz, folkemusikk og verdsmusikk"  Sound-and-image.de

"Musikarane kjenner kvarandre så godt at dei med kvar nye album tilfører både meir lettheit og suverenitet inn i musikken. Avvekslande med førsteklasses klang, og med arrangement som vitnar om årelangt samspel"  HifiStars (DE)
           
"Komposisjonane er enkle og folkloristiske, men i bandet sitt samspel oppstår ei klar og logisk elv, som banar seg veg på til tider uventa vegar. Med hjarteskjærande linjer som i «Lys i glaset», med oppatt-takande harmoniar («Helgheim» har stoff i seg til å bli ein klassikar!) og tranceskapande rytmar. Seglem er og blir Seglem. Og det er godt"  nordische-musik.de  (DE)

"Stort sett rolege og repeterande klangar, lett melankoli eller drivande linjer som i «Fjordskimr», der det arkaiske meir eller mindre fusjonerer med TripHop"  Jazz thing (DE)

Det er dette eg er på veg til å formidle, igjen spela, her skrivande, sittande på eit fly mot Zürich. Eg gler meg altså til å møta det opne og fordomsfrie publikummet i Tyskland og Austerrike igjen. 3 nye stader, 3 stader der vi har spelt før. Eg er førebudd. Vi har øvd. Vi har med oss det nye albumet, og mange av dei gamle. Eg håpar igjen det kjem folk på konsertane, at dei blir med oss inn i musikken og at dei kjøper med seg vinyl eller CD heim. Åpningskonserten er på Ali Theater i Waldshut-Tiengen, heils sør i Tyskland, ikveld.
 

29 oktober 2016

inn i døgnet på ny spelferd

Det er nøyaktig 3 månader sidan sist. Og frå oktober 2013 les eg at eg skreiv inn i døgnet til ny spelferd med kvartett. Det er ny ny spelferd som startar imorgon. Me tek flyet til Zürich 11.40. Ali Theater ventar imorgonkveld. Heilt sør i Tyskland. Lenge sidan eg har gleda meg slik. Er på hogget. Nytt album: Nordic Balm er ute i Europa, kjem i Januar i Skandinavia. Slik ser det ut når eg er nesten ferdigpakka. Må ha med Cds og vinyl. Kofferten blir tung. Cd-kofferten ER tung. Over 23 kg.
Horn, ein ny dress. Litt klede. 6 kveldar på scenen. Ein kveld fri i Berlin. Kunne vore verre. Har ambisjonar om å skriva kvar dag. Her. Blogga blogga logga. Inn i musikken. Det er det det handlar om.