14 januar 2010

ny begynning

på spelferd. gol i hallingdal. kaldt ute. har jobba sidan eg gjekk frå det begredelege matbordet som på fint heiter buffet eller koldtbord eller kva f... Det var iallfall lågmål. Elendig mat. Slaskete lagt fram. Varmt og kaldt og lunka om ein annan. Det som skulle vera kaldt var varmt og det som skal vera varmt var kaldt, eller lunka. TIl gryteretten (som ikkje var så verst (men kald)) fanst det ikkje ris og det brødet dei serverte var minst to dagar gammalt: altså bakt natt til igår. Varm-maten var laks, ihelsteikt grisesteik og den nevnte gryteretten. Minimal med grønsaker. Kun ikkjeheiltkokt brokkoli. Er det muleg? i 2010. Med eit slikt fokus på mat som vi har idag. Skammeleg. Pers er for stort. Fokus er iallfall ikkje på maten. Kanskje meir på drikka? Kaukinga frå rommet ved sidan av klokka kvart over sju gjorde at eg bytta rom. Der blir nok liv klokka 01.00! på 216 altså.
men nok klaging. eg er kanskje godt vant. Nei ikkje så veldig. MEN eg er særs ineressert i mat. ("over snittet trur eg omtrent"). Eg treng ikkje gourmet-mat, men eg vil ha mat som er laga med omtanke og kjærleik og interesse for den - det. Det finst - eller fanst ikkje her på Per´s i aften. Heilt på trynet. Trur ikkje dei som stod på kjøkenet er interessert i mat i det heile? Dei lempa greiene ut og let att augo. Her er det berre for kunden, gjesten, folket - å stauka det i seg for å bli mett. Få fyllt opp vomma før ein begynnar - eller held fram med å drikka. Sprit? Ukultur. Sukk. Norge er ingen kulturnasjon. Blir det ikkje i mi levetid. Eg er på spelferd. igjen. :-)