19 november 2016

Karl Seglem Acoustic Quartet in Japan for the first time. Debut in Tokyo 19.11.2016

Today is our debut concert in Japan. We´re looking much forward to play at the well-known club Pit Inn. To present our Norwegian jazzmusic for new listeners, and then do 6 more concerts here. We have a new album out entitled Nordic Balm - out on the German label Ozella MusicIdag debuterer bandet i Japan. Jazzkvartetten. Det er alltid ein første gang for eit jazzband. Kvar konsert er første gang! Jazzen er fridomen til å gjera det på sin eigen måte. Det framstår for meg som uendeleg kjedeleg å gjera det på måtar som det allereie finst tallause variantar av. Lyden av denne kvartetten er eineståande -
Det regnar i Tokyo no. Minner meg om hausten heime, og det er då framleis haust her. Vinteren kjem ikkje før i desember seiest det, er kortare enn den norske. Eg vaknar tidleg etter første natt her. Kjem meg ned i resepsjonen og får meg ein kaffi. Her finst ingen frokost-sal så det blir å gå ut til 7-11 og få seg ein blings, om litt. Kjenner at det er ein fin måte å vakna til ein ny dag i eit nytt land og ein ny by, og setta seg å skriva. Det er 23 år sidan eg var her sist. Då med teaterstykket 300 år i Himmerik som var ein del av OL på Lillehammer sitt kulturprogram. Det var stort å vera med på. Eg minnest opphaldet i Tokyo då som spennande og oppløftande - på så veldig mange måtar. Var ikkje heilt meg sjølv trur eg. Hugsar ikkje alt så godt i detalj, men at eg var i ein rus er heilt klart. Eg hadde truffe kvinna i mitt liv nokre månader før (i Atlanta), og traff henne igjen her, i Tokyo (det kom altså noko godt ut av OL på Lillehammer). Vi hadde også ein stålande guide i Eric frå USA som budde her, og mellom anna tok oss med på reggae-klubb  - nokså spesielt, og fantastiske restaurantar. Mimring.