20 november 2011

Spelferd i sør, Helbedündorf


Eg var ein augneblink redd for at dette skulle bli eit nytt point of no return. Eg mista telefonsignalet like før me køyrde inn i denne vesle grendi og stogga bilen utanfor der Kunsthof. Ei halvforvirra dame med ein kosebamse under armen opna døra og babla rasande fort på tysk. Me såg på kvarandre og forstod ikkje eit kvekk. Vårt tyske crew sat framleis inne i bilen. Like etter hoppa mannen hennar? fram i ein skikkeleg tøysete hatt og med skikkeleg tilgrisa oljete nevar. Han dreiv visst å fiksa noko. Så me klemte underarmen hans og sa guten tag og namna våre. Han hadde også ein augesjukdom så det var uråd å sjå han inn i augo. Ein absurd velkomst. Me fekk kvart vårt store rom og like etter vart me vist bort til Kunsthof Friedrichsrode. Ein stor gammal låve som framleis var under restaurasjon. Eg pusta letta ut. Dette var eit fint rom med lys og «scene» (på flatt golv), og det var godt og heitt der inne. Også her brukte me eigen PA og lys, så det vart litt arbeid på Ingo og Thomas. Siste gig. Ei spelferd går utruleg fort. Rommet hadde eindel klang og var veldig fint å spela i. «Ingen gjekk i bassfella men passa seg for den». Det kom litt folk. Men for få. Me har fortjent fleire. Det hadde nok ikkje vore særs marknadsføring. Me leverte ein god konsert. Igjen. Nokre av låtane har aldri vore så bra som no. Solid respons og ei god avslutning på turneen. Eg solgte Cd´ar for like mykje som i Altenburg - der det var 120 i salen!
Etter konserten fekk me god vin og synet av Opheim&Bergman berande på ein ølkasse i mørket på veg til losjiet vårt, sit i minnet. Me klarte ikkje å drikka opp den men hadde ei fin stund på rommet til Thomas og Ingo (ja dei hadde dobbeltrom. Det skal ikkje skje). Håkon fortalde i kjent stil den eine vitsen etter den andre. Kommunismen og sosialismen og nazismen vart også debattert må veta. Thomas la seg i køyesenga i totida. Det var på tide å komma seg ut - og under si eiga dyne. Spelferda var over for denne gang.

Også neste år er eg del av Norwegian Jazz Launch, eit internasjonalt lanseringsprogram for norske jazzmusikarar som er i ferd med å etablere ei internasjonal karriere. Norwegian Jazz Launch er eit samarbeid mellom UD, Norsk Jazzforum og Rikskonsertene. Det er eg svært glad for. Eg veit at neste turné skal bli «betre» på alle vis. At eg kan løfta det opp til eit høgare nivå. Men dette er sjølvsagt avhengig av god drahjelp. Og riktig marknadsføring. Stuart Nicholson i Jazzwise og Terje Mosnes i Dagbladet har begge poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte. Det må eg bruka for alt det er verdt. Og for å seia det med Ingo Rau - vår eminente teknikar: Når ein turné er ferdig er det begynninga på ein ny turné. Me går igang med planlegging av November-turne 2012 med ein gang.