14 juli 2010

juli

grå himmel over oslo ein julimorgon. det ligg forventningar i juli. alt er opent. ein avventar kva som skal skje og ser tilbake på det ein har gjort så langt i året. og dei grøne gleder og sorger overveldar ein. kjem attende til hagen og forstår nesten ikkje at det kan gro så fort, så mykje på berre tre veker. naturen bryr seg ikkje om oss og våre ønskjer og planar om korleis det skal sjå ut. noko å læra av det. la seg flyta med og ikkje på død og liv ha det så strøkent. la det veksa, gro, og dø. det må arbeidast litt der idag. og det skal øvast, og det skal la intervjuast av amerikansk journalist som får bli med på eit glas på grünerløkka etterpå.
midt i juli kom også den store overraskinga i form av eit stipend. eit stipend eg har søkt på i svært mange år frå komponistenes vederlagsfond. tenk eg fekk eit eitt-årig stort stipend. det betyr at eg kan setja meg ned i ro og fred å komponere ny musikk. at eg må og skal det. setta av lange periodar neste år til dette arbeidet. det er fantastisk. må og skal nyttast godt. eg er uendeleg takksam for det. det er også ei annerkjenning av meg som komponist. juli er god. juli er forventning om det som skal skje -