30 juni 2012

I lyd av sommarregn

Her på Møre folkehøgskule under Nynorske festspel meinar eg det er høveleg å peika eit blogginnlegg inn på min iFon for første gang. Det går smått og det blir nok litt feil. Det får me tola den siste dag i juni 2012 kjem som kjent aldri attende. Dagen er litt blå i meg og lyden av vestlandsregn gjer det heile perfekt i den grad ei blå kjensle i ein kan vera det. Det handlar vel om å la den vera og la seg flyta med. Kanskje berre gå ut i det regnet no før lydprøve og mat og konsert. Gå til eit ølhol og kjøpa seg eit glas og berre sitja der . Sitja å venta. Som så ofte før. Venta på at ein kan dra fram instrumentet og blåsa. Utpå kvelden på Aasentunet. Vekka gamle Aasen til live med ein trall. La dagen gå over i blå kveld og inn i grøn juli.