23 mars 2013

reklamefirkantane

alle dei rektangulere stramme boksbilda langs rulletrappi ned mot stortinget stasjon var alle blå i ettermiddag. heilt utan alle dei ekle bilda, dei meiningslause orda. heilt blått. det var underleg og fint. som om dei stod og blunka opp mot våren der ute ikkje heilt forstod. lengta ut? dei anar ikkje at det er kaldt der. at våren let venta på seg. men dei ventar. med meg. og med "a borderline" - joni.

13 mars 2013

steikande togsol

og ikkje ein ulv å sjå på vegårdshei i mars. toget stoggar nokre minuttar så vi får tid til å kika oss godt omkring. sørlandsbanen har ein viss lengde frå oslo til kristiansand og den blir prøvd idag. så bér det vidare med buss til mandal der eg reknar med å vera framme omlag to timar før eg skal på scenen på mandal jazzklubb med elin furubotn. farande spelemann. returen går samme veg imorgon og då har eg kanskje nok som liknar lang påskeferie men ferie er eg som kjent svært dårleg på så det blir det nok ikkje. det har vore ein travel periode i snart fjorten dagar - så det skal bli godt å komma heim imorgon å vita at det er ei stund til eg skal på spelferd att. det blir meir enn nok i vår. og godt er jo det. eg meinar, noko anna ville vore stusseleg. sitta heime og tuta. det er sol og toget bølgjar mot sør. snø. blankt og vona og vissa om at det snart blir vår. veks. kvifor tvilar me ofte på det midtvinters? det er vel slik me er laga. gleda blir og er stor. det er snart vår.

10 mars 2013

marsrefleksar

i vindauget speglar rommet seg ut i byen
mot lille lungegården
eg pustar inn og ut også idag
saman med dei flaksande duer, måkar
kjenner eg meg lett og tung samstundes
kjem ikkje til å ta rennfart og kasta meg ut
fuglane vil aldri vil ta fart og flyga inn hit

skuggane er lange og sola kryp gul mot fløyen
vindstille søndagsettermiddag
med ein og annan gåande i sirklar 
bussane og bilane følgjer sin asfalt
meir rettvinkla enn godt er
eg knipsar eit bilde
som om det hjelp