25 mars 2007

sol i tyskland

og eg prøver å pusta ut etter ein kort og intens tre dagars turne med trio her sør i tyskland: Nürnberg. og eg kom på at me spelte her med utla, det må ha vore i 2003 kanskje. kom på det når me køyrde inn i gården bak hotellet. der hadde eg parkert turnebil før. konserten gjekk svært godt. ein av dei kveldane ein vil hugsa. kjemperespons frå eit lydhøyrt publikum. ei sann glede å spela slike kveldar. det gjev meining for arbeid i lang tid framover.

02 mars 2007

på sporet av

noko
det er ein forsåvidt alltid. alltid nytt å læra, observera, spela og skriva, sansa og kjenna, føla og ana
energi kjem og går, går og kjem
eg får energi av å arbeida og seier igjen (med einar økland) at arbeidet er ei velsigning
det er det som må til. det som held meg gåande - også når det buttar imot
idag er det litt vårleg ute og kalendaren seier mars
det er ikkje så verst. ikkje så verst
snart går turen til kulturlandet tyskland :-)