20 februar 2009

tidleg morgon

I Sandnessjøen, og snøen driv over kaien. eg har rom i femte etasje og har fulgt med på båtane som kjem og går. no ligg Bourbon Topaz her, grøn og løgen. må vel vera eit tilførselskip til nordsjøen? kven veit. mange, men ikkje eg. det er siste morgon før siste to konsertar før helg, før heimreise. fjorten dagar er lenge vekke frå jentene mine. eg saknar dei. skal bli fint å komma heim til oslo no. eg skal opp igjen nord i mars - ei veke frå sekstande. no må eg pakka kofferten og komma meg iveg til ura barneskule for konsert klokka ni og klokka ti. så stokka-vernes-oslo. god helg!

18 februar 2009

På tur med Hurtigruta

Eg må vedgå at eg lenge hadde tenkt og hatt lyst til å reisa med Hurtigruta. Eg var tilogmed innom Midnattsol når den låg i Oslo under reiselivsmessa nyleg. No har eg gjort det. Tur - retur Brønnøysund - Trondheim, i samband med at eg hadde frihelg og kunne kombinere det med eit møte. Eg angrar ikkje. Det er ei unik reise - nærast uansett kvar ein går ombord og på land. Tenk eg hadde to heile dagar og vel så det “for meg sjølv” på reise.Tok meg tid. Langsam reise på vatn frå eit punkt til eit anna langs den vidstrakte kysten av landet Norge. Ei eiga stemning. På returen attende til Brønnøysund eit utruleg lys, som berre her nord, i den blå timen etter at sola forsvann ned i havet nord for Trondheim ein stad. Eg vil tilrå fleire å ta ein slik tur. Særleg utanom sesongen som det heiter. Det gjer noko med ein.
Sørover tok eg Vesterålen. Nordover ein av dei eldse båtane, Lofoten. Eiga stemning på dei begge. Eg er ein av dei som ikkje forstår at Hurtigruten står i fare for å bli lagt ned - eller redusert, men om ein ser på prisane både på reisa og ombord har Hurtigruta litt å læra av Oslo Sporveier. Sett ned prisane på enkeltreiser eller distansereiser mellom ulike stader på ruta. Fleire gode nordmenn vil bruka den. Garantert. Og set ned prisen på mat og drikke. Å betala tjuesju kroner for ein svart kopp med båtkaffi er drygt - og det var ikkje påfyll. Ein tre rettars middag kosta tresyttisju (om du ikkje har førehandstinga). I og for seg greit - om ein hadde lagt seg litt meir i selen både med maten og serveringa. Vi er rimeleg kravstore vortne på slikt etter kvart. Men uansett - eg hadde ein finfin tur og neste gong tek eg med meg familien min - utanom sesongen. Må Hurtigruta leva lenge lenge. Den er unik. Prøv “sakte reise” i år - eller neste år -

12 februar 2009

eg les ikkje

krim
beklagar.
eller er det nokon som helst grunn til å beklaga det?
eg skammar meg ikkje over at eg ikkje har sett ein valdsfilm i heile mitt liv heller.
kva kjem det seg av at ein dei siste åra på ein måte har kjensla av at denne sjangeren særleg i bøker og på fjernsyn (det er eit flott ord - mykje betre enn tv), kveler oss, overfløymer oss, ja går til åtak på oss frå alle kantar? eg forstår ikkje at det kan vera så stas å lesa så mange utspekulerte historiar om mordarar, drapsmenn og menneske det klikkar for på ulikt vis. kva skal ein med det? er det for spenninga sin del - einast? har folk det så keisamt i kvardagane sine at det einaste som kan få dei nyfikne er eit blodig øksemord, eller eit raffinert giftmord? dei har nok det. det blir jo solgt enorme mengdar med bøker - og på tv er det slutt på den tida då det var spenning einast på fredagar når Colombo og Derrick rulla over skjermen! no er det krimseriar på alle kanalar til alle døgnet sine tider. krim og fotball. halleluja. må grunda meir på dette - eller la det vera.

11 februar 2009

klokka 00 00

viser mac´en min i det eg ville skriva at det er ei ny natt også i brønnøysund. konsertane på BBU gjekk bra, sjølv om kulden i den skitne gymsalen gjorde det litt vanskeleg med stemminga. det er naturlover som gjer at hardingfeler med tarmstrengar stig og synk om ein annan. nokre prøver å innbilla oss at det er overjordiske krefter og at hardingfela sine strenger blir styrt av høgare maktar. makan til vås. det er eit helvetes instrument å stemma og det er forbausande få - tilogmed av dei gode spelemennene som kan det, eller rettare sagt tek seg tid til det. ikkje er dei flinke til å fortelja omverda at det er vanskeleg - for å skapa respekt for den kunnskap som ligg i å stemma ei hardingfela "fort". noko som fører til at mange vel lettaste og absolutt verste utveg: å spela surt. ingen ting er verre (nesten) - iallfall om det skal skapast musikk. eg er griseheldig slik som spelar med den Spelemannen eg gjer. men det skal seiast at eg også har lært meg nokre triks opp igjennom alle desse åra, som gjer at konsertane glir avstad utan for store hol. stemming kan på mange måtar vera fin musikk også - avogtil. tenk på det. god natt i natta

09 februar 2009

huuiii hu som det ular i brønnøysund

snøen føl etter meg. masse snø. og no har det begynt å ula kring novene på det gamle torghatten hotell som no sjølvsagt den gamle hallingdølen thon har forbarma seg over, iallfall fått namnet sitt på. men igår i resepsjonen sa dama at heile skiten skulle rivast. det ser jo ikkje ut i måneskin så det er ikkje rart. går du inn på nettsidene står det at det er sauna og re-laks avdeling men det er berre bløff. svimming-pulen og heile greia er avstengt og ute blæs det opp til storm. eg har omnen på 30 men det er like kaldt her på rom firehundreogni. eg les passande nok langeland sine essays om gamlelandet Noreg. slett ikkje verst. han kunne ha vore med på rikskonsertturne rundtomkring i landet så hadde han opplevd enno meir. særleg her i Nordland eller troms, for det hoppa han galant over. fått møta enno fleire forunderlege menneske av ulikt slag. til slutt skal seiast at den grilla turrfisken eg kjøpte meg (for eigne tjente peng) i restauranten her, var av internasjonal klasse. rett og slett fantastisk god. no er det vel snart å balla dyna rundt seg for å halda heten....