15 oktober 2010

snart turné-blogg



Eg skal på tolv dagars samanhengande turné med kvintetten min 2- 13 november 2010. Gler meg storvegs til det, og ikkje mindre etter at det nye albumet mitt Ossicles har fått så storvegs kritikkar. Vurderer no då - om eg skal skriva ein turnéblogg slik eg gjorde i 2008?
Ja eg er egoistisk! Eg skriv denne bloggen mest for meg sjølv - som logg, blogg. Likevel: eg lurer på om det er nokon som les noko som helst av det eg skriv her? Det er kun 1 følgar :-) Dagens spørsmål blir då om nokon der ute vil stadfesta at dei les dette - og sei ja til (dagleg) turnéblogg. Eventuelt nei.