25 februar 2013

mandag på kjøpesenteret

eg begynnar å lika dette no. denne knappe timen i botn på eit kjøpesenter like nord for sinsenkrysset. handla litt mat og grønsaker i butikkane over først, etter å ha satt av jentene mine utanfor håndballhallen før det. så gå ned her og kjøpa ein vaffel med rjome og syltetøy midt på ein mandag. rettare sagt på ettermiddagen. her er eige liv. på kjøpesenteret. folk held jo på med så mangt. handlar. glor. et. går, står og sit og slarvar rundt omkring. dagane går på kjøpesenter. alt er rutinelt om det er noko som heiter det. rituelt iallfall. same fart på rulletrappene, heisane, dei tilsette i alle dei butikkar som her finst, kjøparane, selgarane. no og då kjem det støyande meldingar frå høgtalarsystemet som ber deg kjøpa noko i den eller den butikken. slik er det. heilt naturleg. det er nesten litt skremmande at eg likar å sitta her. kobla vekk frå alt og berre venta på å gå ut til bilen igjen for å plukka opp jentene mine. på ein mandag. eg begynnar faktisk å lika det. av ein eller fleire grunnar. ikkje sikker på kvifor.

10 februar 2013

NyeSongar.no

Som musikar i eit band, må eg vera viljug til å sleppa fri den gamle songen eg hadde planlagt å spela, slik at eg kan spela den nye songen, dei nye songane, - som ventar på meg.

Eg veit den er der. Dei er der. At ein song, fleire songar vil høyrleggjera seg. Også i år.
30. august 2013 gjev eg ut ni nye songar - som eg har spelt inn saman med Andreas, Sigurd, og Jonas. NyeSongar.no