24 mai 2014

kva er det med farten til mai?

månaden mai har høg fart. slik kjennes det. kva er det som gjer det?
at no er den snart over. er det lyset? Det at det lysnar og me strekk oss mot lyset.
at me er i sjølve livet meir intenst enn i andre månader. som når alt fell meir til ro i juni.kanskje komposisjonen min Inn i juni speglar det? gå inn i meir ro. gå inn i sommar.
verandadøri er open og det luktar sterkt av syrin heilt inn. igår laga eg pesto av dei flotte ruccola og grasløkplantene som nærast hadde eksplosiv vekst den siste veka. i varmen.
eg har planta squash, satt poteter, kvitløk, chili, jordbær, og kjøpte ein pose med settelauk - raudlauk. mange er i jordi men eg har, eg må finna plass til fleire. lauk er godt. graset må slåast. her inne går ei ombygging mot slutten. det har vore tøffe veker med snekkar i arbeid i lang tid. alt kaoset. bråken, støvet. godt då at det blir fint og at tenåringsjentene er nøgd med å få eigne rom. det skal bli gull å få det ferdig.
mandag går han igang med ei spesialdesigna hylle til stereo og bøker her i stova. gull det og.
i mai med stor fart. det er nok derfor mai har hatt så stor fart iår. ekstra ekstra fort har månaden floge -
kva er det med farten til mai?