26 mai 2010

nytt album ferdig

det er alltid ei merkeleg kjensle å ta på seg øyreklokkene og lytta gjennom nesten ein time med elleve sjølvlaga songar, som om nokre månader skal ut i verda. ei gåve som eg legg att, gjev vekk. noko eg slepp fri som har vore for meg, frå meg, i meg. dette albumet har masse energi. eg merka det igårnatt når eg hadde høyrt gjennom det. det har ei veldig kraft som kanskje trer tydelegare fram enn før? veit ikkje kvifor men det kjennes litt slik. og eg spør meg sjølv. eg gjer det. kven annan lagar slik musikk? eg kjem ikkje på nokon. eg er åleine om denne musikken. kan seia at den er min. dette er slik eg vil musikk skal låta. det er kanskje ikkje enkelt - sett frå andre sida, men like fullt, eg vågar å tru på at den ber. den ber ikkje ut til alle, men er det så nøye? er det så viktig? nei. det er ikkje det. viktigare at eg har tru. og alltid når eg har jobba så intenst med noko over så lang tid tenker eg at det skal bli lenge til neste gang. at det kanskje ikkje blir nokon neste gang endåtil. at dette er mitt siste album. no sluttar eg. legg opp som det heiter i sporten. som regel går det ikkje så lang tid før eg er igang igjen. med min energi. ikveld på ein onsdag har eg opna ei Chianti. Ei "Li Antico di Burchino" frå Terricolia-Pisa-Italia. Eg har fortjent kvar dråpe kjenner eg. Eg skålar for meg sjølv og musikken min. så får andre sei kva fan dei vil.