30 mars 2006

eg uttrykker min glede over vinger

ja eg må og vil med dette trekka tilbake, eller iallfall moderera at eg skreiv så negativt om hr. vinger den 29.12 ifjor. hans fatale intervju med elvira.
idag har eg lesa hans kritikk av babyface Lerche og hans kvartett. dei har gjeve ut ein cd med såkalte klassikarar - og alle er inneforstått med at det er nord-amerikanske klassikarar det då er snakk om. såkalla standardlåtar. nord-amerikanske revyviser frå tredve-, førti,- femti talet. ein meir heilhjerta og konsis SLAKT av ei cd-utgjeving skal ein leita lenge etter. det er svært godt. eg har ikkje høyrt plata, og treng heldigvis ikkje det. eg håpar eg slepp å irritera øyregangane mine med den. sitat: "duper sessions er lyden av et ego ute av kontroll. Når du er omgitt av "Ja"-mennesker som til stadighet forteller deg at du er genial, kan det få sørgelige resultater som dette" - og videre: "det må en Kåre Conradi med buttplugg til for å toppe dette".
Takk vinger. Orda dine har vinger. meir meir.

28 mars 2006

og meir musikk og me har såvidt begynt

framleis hultertilbulterliste også tidsmessig når musikk av ulik karakter kom inn i mitt liv. eg registrerar at der er nokre artistar som går att. slik skal det vera. nokre artistar er og blir følgesveinar i eit liv. joni mitchell til dømes. eller pat metheny. eller coltrane sjølvsagt. og det heile starta med pink floyd. eg var heilt hekta. kunne alle tekstane og skreiv av tekstane på lp-omslaga. kjøpte bøker og las alt eg kunne komma over. fekk ikkje bestilt platene fort nok frå tandy´s i england. det finst også nokre utskot av plater. løgne ting som dukka opp og som eg likte. må snart setta på igjen gruppa horslips til dømes. høyra korleis det let idag.

32. Jan Johansson “Jazz på svenska”
33. Bjørk “Debut”
34. Police “Zenyatta Mondatta”
35. Donald Fagen ”The Nightfly”
36. Lee Ritenour ”Captain fingers”
37. Earth Wind & Fire ”Boogie Wonderland”
38. James Taylor ”Sweet baby James”
39. Frank Zappa ”Broadway the hard way”
40. Pat Metheny/Charlie Haden ”Missouri Sky”
41. Deodato ”2”
42. Pink Floyd ”The wall”
43. Steely Dan ”Aja”
44. Frank Zappa ”Zappa in New York”
45. Ani di Franco ”up up up up up up”
46. Hedningarna ”Hippjokk”
47. David Sylvian ”Brilliant trees”
48. Rokia Traore ”Bowmboi” 2004
49. La Bottine Souriante ”La mistrine” 1994
50. Odd Nordstoga ”Luring” 2005
51. Bjørk ”Medulla” 2005

22 mars 2006

her er fleire plater og fleire kjem

21. Pink Floyd ”Wish you where here”
22. Glenn Gould «Goldberg variatons» J.S.Bach
23. Pat Metheny Group «Travels»
24. John Coltrane «Ballads»
25. Pablo Casals «The 6 cello suites» J.S.Bach
26. Amalie Rodrigues «Cantigas numa língua antiga»
27. Joni Mitchell ”Mingus”
28. Frank Zappa ”200 Motels”
29. Astor Piazolla «Tango Zero hour»
30. Jan Garbarek «My song»
31. Police "Ghost in the machine"

framleis og som alltid og i det følgande hulter til bulter ute av tida i tida
slik som det alltid har vore og vil bli

snøen er rundt meg i vinter, ein forfølgar

og framleis lavar den ned også her. som om den føl etter meg. vinteren. snøen. er det ikkje snart vår no. heilt frå berlin til sørkjosen kom den med meg. til nord troms. utom glaset på reisafjord hotell dett den så lett og fin i ein kald kald vind som piska andletet mitt når eg gjekk meg ein liten tur. ut å gå. kvar dag gå.
nye skulekonsertar. nye barn å begeistra, nye konsertar som aldri før har vorte spela nett slik som til dømes idag. slagverkaren er med. heime er jentene mine sjuke enno. har vore det i over ei veke no. feber. slappe. vekke frå jobb og barnehage. bekymrar meg. likar det ikkje. våren kan komma no tykkjer eg.

17 mars 2006

meir musikk alltid viktig musikk

eg har kvitta meg med eindel cd´ar. gav ein bunke til loppemarked ifjor. noko eg har tenkt å følga opp iår. andre kan ha glede og nytte av cd´ar eg aldri i mitt liv kjem til å spela meir. eg veit at eg ikkje kjem til å gjera det. platesamlinga mi med vinyl har eg framleis. den har diverre nokre hol. det var ein gong innbrot i det huset der eg hadde dei. så eindel no ettertrakta lp-plater som til dømes prudence ”takk te dokk” forsvann. kvar finst dei no tru. så lenge etterpå. musikk er og blir ein personleg ting. ein må i liten grad bry seg om kva historien og tolkarane av den fortel. det er så ufatteleg mange mogelegheitar. den viktigaste plata i forhold til at dei på ein eller annan måte fekk meg videre, inn i rom eg ikkje visste om? framleis er det det eg vil at plater skal gjera, at musikk skal gjera: få meg inn i rom eg ikkje veit eksisterer, verken i meg sjølv eller i musikken. det er sjeldnare eg opplever det no. kanskje nettopp fordi det finst så mange plater eg har høyrt. så mykje musikk i livet. den viktigaste plata i forhold til å leva her og no. i forhold til livet sjølv? dei viktigaste er dei eg sjølv har skapt, dei eg har skapt ut frå min bakgrunn og ståstad, som både er forma av mange andre plater og av å ha vakse opp på ein rik industristad i norge. og på den vegen: desse platene gjorde og gjer noko med meg framleis. noko viktig. det står klart.

11. Pink Floyd ”Animals”
12. Weather Report «Heavy Weather»
13. Edvard Grieg «Holberg suite»
14. Chick Corea ”Light as a feather”
15. Little Feat ”Time is a hero”
16. Merit Hemingson "tba"
17. Pat Metheny «80/81»
18. John Coltrane «Giant Steps»
19. Bad Company ”Bad Co”
20. Horslips "tba"

12 mars 2006

det snør i berlin også

i skrivande stund. etter seks dagar på vegane her står siste konsert på legendariske A-Trane jazz club for tur. det har vore kjekt på alle vis. det er noko eige å få spela for eit så entusiastisk publikum. samarbeidet med ivanov og skullerud vil halda fram. reik - on the move. gje jernet ikveld også før kalde nord kallar :-)

05 mars 2006

viktige av dei viktigaste platene mine

eg vart ein gong spurt om å skriva kva for plater eg meinte var dei viktigaste. eg stilte motspørsmålet: dei viktigaste platene i forhold til kva? - men fekk ikkje svar på det.
sikkert fordi det er vanskeleg å svara på det? men no tenkjer eg at det kan vera kjekt i skrift å tenkja høgt om all den musikk, alle plater ein har høyrt og har eit personleg forhold til. og sjølvsagt må ein velga vekk. det er vanskeleg å velga vekk. men også oppklarande. for nokre plater betyr meir enn andre og ved å lista dei opp tenkjer ein nøyare over kva dei betyr. kva dei er viktige i forhold til. det finst så mange plater. no snakkar eg altså om lp-plater og cd-plater. i fono kalla fonogram – som er eit flott ord for desse ulike lydbærarar. eg har for mange plater og det finst for mange plater. altfor mange. like mange som det finst valg i livet. men skilnaden er at dei valga (i sjølve livet) gjer me kvar dag. medvete og umedvete. medan det å velga dei viktigaste platene frå eit levd liv er noko anna. ved å velga ut dei velger me jo også situasjonar, relasjonar, møter, oppbrudd, reiser og mykje meir, knytta til ei bestemt plate, fleire bestemte plater. å plukka ut tjue plater, som var oppgåva då, er svært få plater når ein begynnar å tenkja over kor uendeleg mange plater ein har høyrt. plater som det ligg att noko frå, inne i ein. mi liste kunne ha vore veldig lang. er veldig lang. og det kan henda den blir det ved dette høvet også. den blir det. eg har plassen. tek meg plassen. dersom eg delar det opp i fleire bolkar vert det ikkje kjedeleg å lesa, kanskje. eg kan ha som eit mål å tilføra fleire etterkvart. for meg sjølv. så la meg begynna øverst eller nederst på lista alt etter som. med dess utgjevingane her, hulter til bulter, alle med spor av ein ungdom også. plater eg høyrde første gong når eg var yngre enn eg er no. me begynnar der: det vil seia her:

1. Pink Floyd «Darkside of the moon»
2. Deep Purle ”Fireball”
3. Frank Zappa ”Live in New York”
4. Camel «The Snow Goose»
5. Ken Hensley ”Proud words on a dusty shelf”
6. Steely Dan «The Royal Scam»
7. Bjørn Johansen «Plays Einar Schanke»
8. Joni Mitchell «Shadows and light»
9. Gustav Mahler «Symphony nr. 9»
10. Brecker Brothers «Inside out»

01 mars 2006

det blir snakka ein del om snø

i oslo i desse dagar. det lavar ned framleis her ei kveldstund og no er snøen nesten komme opp over gjerdet ut mot vegen. det er fantastisk. gode gamaldags snøvinter og folk veit ikkje kvar dei skal gå. det er ei kaving og balering og baksing i snøen frå sinsen til stortorget så ein ikkje har sett maken på mange tiår. og då såg ein noko heilt anna. eg vil tru at mange gjekk på ski då. mange fleire enn idag. det ville verkeleg vore løge om me kom stavrande på ski nedover trondheimsvegen. eller ville det eigentleg det? det ville vel vera det mest naturlege og lettvinte som var - er. eg tippar eg kunne ha komme meg til øvingsrommet mitt på under femten minutt imorgon tidleg om eg tok skia fatt. susa ned torshovdalen og sprada i klassisk stil inn i Birkelunden før eg satte utfor i håkkistilling nedover Markevein. litt av eit renn. det er moro med snø. kjempestas. heilt topp. la det snø fiddelibombom. salget av snøfresarar må ha eksplodert det også. som salg av ski og andre remediar ein treng for å komma seg ut i snøen. snø snø. det skal snø i heile natt er det meldt. me får sjå imorgon tidleg om snøen når opp over gjerdet eller opp til soveromsglaset i andre etasje. kven veit om me m spa oss ut fiddelibom.