25 september 2011

haust på ny

Igår høyrde eg mellom anna på låten "Det som kjem att" av Odd Nordstoga - frå eit album som kom i 2000 og heilt enkelt heiter Nordstoga. Mange fine songar der - og den nemde handlar om hausten. Om at ein sommar er forbi, støvet legg seg, det regnar, og så bankar ein god ven på døra. Og ikveld skal eg framføre fine songar av - med Elin Furubotn, her i Tromsø. Svært lenge sidan eg har spelt på Skarven men hugsar framleis køyreturen frå Trondheim i band-buss i eitt og eit halv døgn i strekk - og rett på jobb. Tøffe tak. Tidlegare denne veka har Furubotn og eg spela i Øvre Årdal og i Balestrand. Det har vore gode konsertar med fantastisk fin repsons. Publikum er lydhøyre. Dei lyttar. Det er inspirerande - Alltid spennande. Også ikveld. Kva har Tromsø å by på - av lyttande folk? Og det ligg forresten ein snutt ute på uTube! frå konserten i Farnes kyrkje. Søk på i det stille - eller kopier denne linken:

http://www.youtube.com/watch?v=JSw1cNzrwF0&feature=player_embedded#!

02 september 2011

krykker

ja eg går på krykker - idag! tok menisk-operasjon igår og haltar no rundt i stova.... har von om at det skal gå bra. at eg igjen skal kunne gå lange turar og kanskje springa litt innimellom -utan å få veldig ilt i kneet. i rapporten står det også at eg hadde "betydelig synovitt ved apex av patella", noko som no då sannsynlegvis er fjerna..... dette på undersida av kneskåla for å gå i detalj. har klart meg utan smertestillande i stille smerte og er ved godt mot. hadde vel venta at det skulle vera verre. også narkosen - men det gjekk fint og eg var ikkje særs groggy etterpå. oppe og gjekk omlag ein time etter at eg trilla ut derifrå!
flinke folk finst overalt i norge og sidan dette må seiast å vera eit av dei første personlege møta med sjukehus-vesenet, som mange likar å kalla det, må eg få lov å skryta av vesenet. eg følte at eg vart teke hand om på beste måte frå første stund.
no får eg ta meg ein runde på golvet her - starta treninga. eg kan trø på foten men den er hoven og stiv.... så krykkene kjem godt med... vonaleg ei kort stund.....