20 mars 2011

spelferder

mars og april 2011 er forholdsvis tettpakka med konsertar. kombinasjonen av skulekonsertar og meir frittståande konsertar rundt omkring i heimland og utland kan ofte vera litt barsk. på så mange vis. her finn eg meg plutseleg att på eit hotellrom i stavanger etter ei intens helg med trio-konsert i Bologna. trommisen c.watts sine ord om over nitti prosent av tida i ein musikars liv er venting og reising er sanne. å tenkja på kor langt ein reiser for å stå sytti minutt på ei scene i Italia kan ofte vera litt "skremmande". Så ikkje gjer det. Konserten under film-festivalen YoungAbout på Museo internazionale della Musica gjekk godt. Eg avslutta kvelden på bar med Pjotr Sapegin og andre herlege folk. Vodka-skot måtte til. Det fekk meg antageleg til å ta opp bukkehornet og blåsa under ein stor fullmåne utpå morgonkvisten - over det store og tomme torget Piazza Maggiore. det lét superbra ;-) må vel vera lenge sidan nokon har blæse i bukkehorn der? det var litt vårleg der også - og i så måte litt deprimerande å komma nord att. men i kofferten ligg ein parmesan-ost som har vore lagra i trettiseks månader. fantastisk smak. spørs om den blir opna ein einsam kveld på hotellrommet denne veka - for å minnast helga i Bologna og drøyma om våren som no vel snart har tenkt å komma hit også?

10 mars 2011

bergen i blodet

ja det er noko med bergen. no har eg vore her i tre døgn - og skal straks fara herifrå med toget til voss, så oslo.
soli skin inn dei farga glasi på terminus. det er meir vårleg her enn då eg drog frå oslo. brått var vi ti dagar inne i mars. eg krummar litt nakken og går igang att. no ventar skulekonsertar og italia-konsert dei næraste fjorten dagar. og imorgon snartur til gjøvik.poesi-seminar-dagen med min redaktør var vellukka. oppglødd over å bli bryna - få motstand og jobba med poesien. kjenner at ei ny diktsamling får si form, men enno litt veg att. kanskje den skulle få namnet "den tolmodige poet"? no må eg på toget.