31 juli 2015

julilikørjuli

idag fann eg frosen tytebær med sukker i frysen. så gjekk eg ut i hagen og plukka solbær og klipte timian. eg fann akevitt i kjellaren sidan me her i huset er dårleg på brennevinet. to norgesglas. det eine fylte eg med solbær til midten, så sprit, litt krydder (m.a. altid chili i mine likørar), brunt sukker. på med lok. rist.
står no på kjøkenbenken. det andre fylte eg med timian og tytebær, sprit, krydder, litt sukker. hr. brimi skriv i ei bok frå 1994: "har du ikkje kvann, bruk rikeleg med timian". kva han meinar med rikeleg er ikkje godt å seia. spennande blir det. bildet er av sistnemde likør. det må stå til nyttår. minst. no kjem august. yndlingsmånaden.