23 oktober 2013

inn i døgnet

inne i natta fram mot første dag på spelferd. imorgon skal eg ta toget frå berlin til bremen. eg skal igjen vitja sendesaal. spela konsert der saman med ulvo, hole, og sjøvaag. eg gler meg til å reisa i tyskland med denne kvartetten. den kvartetten. det blir spennande dagar. det nye albumet nyesongar no har fått storvegs kritikkar i norge. kommande veker kjem det ut her. eg skriv her som er berlin. eg har spelt konsertar i tyskland kvart år sidan 1996. idag hadde eg møte med eit booking- og management-byrå som fortalde det eg ofte, eller tidlegare har tenkt, at i tyskland er det veldig vanskeleg med cross-over musikk. vanskeleg å selga det. men ikkje så vanskeleg når ein først har fått eit publikum inn i ein sal for å lytta. om det er bra. eg tenkte at det veit eg mykje om. eg tenkte at det burde eg ha sensa før - og tydeleggjort det eg driv med. som no. burde ha kalla world-jazz kvintetten min for berre jazz - "berre". ein lærer. eg lærer, og eg skal læra på denne spelferda også. alt ligg til rette for at det skal gå godt. det er berre å pusta med magen - og spela det beste ein kan.

14 oktober 2013

Karl Seglem med ny poesi-samling (nov. 2013): Kvit frekvens, stille spor

Ein liten smakebit av poesisamlinga mi som kjem i november 2013

Eg gler meg til å dele den med "alle" de som les denne bloggen ;-)

08 oktober 2013

mi andre poesisamling kjem i november 2013