05 september 2006

neverholfjellet

kom eg nett ned att frå. firehundreogtredvemeter over havet. det ligg ved finnsnes i midt troms. for ein vestlending var det ikkje bratt. men bratt nok. veldig fin sti å gå på mellom kvite bjørkeleggar oransje brunt og gult lauv mot den framleis grøne med innslag av masse raud lyng. tyttebær og krekling.
forfattaren tomas espedal har nyleg snakka varmt om å gå. ikkje for å rekka noko eller komma fram. men for å gå. for å tenka. han er borti noko vesentleg. noko svært viktig. det er viktig å gå. kvar dag. gå.

04 september 2006

mandag i midt troms

så sat eg der på flybussen att. avstad. ut på ny spelferd. og det er berre å konstatera at eit-års jubileumet for loggen min er eit faktum. har passert. slik kan ein også forstå og lesa at tida går. og tida går fortare enn ein trur. eg var ikkje redd for at eg skulle slutta med å skriva logg når eg først begynte og når eg no ser tilbake har det vore eit fint år med ord. det er rett løge å lesa noko av det eg har skrive.
men eg veit heller lite om kven som les og det kjennes ut som om det er greit og antageleg det beste for at eg skal halda fram. at det går av seg sjølv utan at eg tenker på kven som les. her sit eg altså på Finnsnes i Troms.
føtene, flybussen, føtene, flyet, føtene, leigebilen, føtene, heisen, føtene tok meg hit til dette rom. dette mitt logg-utgangspunkt kommande veke. hausten er på god veg. det kan ein både sjå og kjenna her nord.