30 august 2005

improvisasjon

er ein flamme som brenn
flammen er eit urgamalt orientalsk symbol for tilværet som ein stadig fornyande prosess.
Improvisasjon krev ei stadig fornying av den som improviserar.
Der og då. Her og no.
Eg dreg til Mo i Rana om nokre timar. Der skal det improviserast i to dagar.
Eld må kveikjast. Bål brenna.

27 august 2005

for

forfattaren var her og las idag Forfattaren
dikt inn på harddisk
no romlar ei haglskur på zinktaket utanfor og det ville ikkje vore muleg å lesa inn
me måtte ha teke ein pause og gått på Hansken
der var det sol for ei stund sidan
me naut å sitja der og drøsa om eitt og hitt
kjenna at sommaren er over
me går inn i noko nytt

26 august 2005

alltid

ide
at bloggen også frå idag er eit arkiv for dei kritikkane som kjem på Cd-utgjevingane mine. Me prøver det.
Her er den første. Stod nyleg i eit tysk magasin kalla Xavier trur eg. Forfatta av Peter og venleg oversatt av C. :

"Mandag morgen: telefonen ringer i ett kjør, redaksjonen venter på kritikkene til shania twain og europe. Jeg stenger av telefonen og dykker ned i Karl Seglems lokkende teksturer av tre, luft, stein og knokler, bein. Etterpå føler jeg meg mye bedre, og de dårlige kritikkene (slakten) av Europe & co. skrives av seg selv (på autopilot). Kjapt unna med dette mainstream-stoffet, tenker jeg, slik at jeg atter en gang kan dra tilbake til Seglems mystiske kosmos av tradisjon og innovasjon. Den norske saksofonisten, som hittil ofte har minnet om Jan Garbarek, graver dypt i de arkaiske melodiene fra sine heimtrakter når han lar bukkehornet rope hést til Håkon Høgemos hardingfele. Skulle vi ikke likegodt slenge på oss bjørnepelsen og begi oss i vei på elgjakt, for deretter å skrible et pent bilde på huleveggen og filosofere over det å være menneske? Høgemo holder imidlertid bakkekontakten med rytmeteamet Gjermund Silset og Helge Norbakken (begge tidligere aktiv hos Mari Boine), slik at Seglem kan fly over de dype fjordene og svinge seg opp i andre sfærer. Flott er det. Og det er også den forlengst overmodne løsrivelsen (emansipasjonen) fra den musikalske superfar Garbarek".

24 august 2005

signal ut

meir som ei minnebok som også kan brukast til logg
til å halda fast stemningane som orda skapar når ein f.eks er på tur(ne) (opp)
denne kvelden gjekk med til å prøva ut korleis dette var
idag har eg spelt på FONO sitt 25års jubileum med
Kvalbein, Staveland og Tekrø - Kjerringa med staven
feitt nok

imorgon kjem felefar frå bergen og me skal praktisera våre kunstar heile dagen
tvillingjentene mine har bestilt popcorn og flåklypa-film av åleinefaren
dette til kvelden imorgon - før band-møtet der kursen videre må stakast ut
k.

frå botn

av kommunikasjon

grunnen til at eg set opp ein blogg?
respons på det eg skapar som komponist og musikar?

ikkje godt å seia
her er den
må prøvast dette og
vår digitale tidsalder

k.