10 mai 2012

dei lengre dagane


dei lengre dagane
nettene med svevnlaus kvervling
glaset med vin
vissa om at ein har levd i femti år
det er meir enn ein mannsalder, snart to
vifteanlegget og temperaturmåleren som ein ikkje
kan stilla, oppovernedover -
flaska i bos-spannet
legga seg. ikkje sova enno
ei ny natt der ein vågar å kjenna etter
alt anna, alle lydar er inkje
berre natti før ein i morgon skal laga lyd igjen
vårlyd
vår lyd

06 mai 2012

Flygande

eg er skrivande flygande! for første gang ombord i eit fly med wifi onboard. malaga-oslo etter supre dagar i sør. noko som etter kvart har vorte ein tradisjon i slutten av april. det å møta våren i spania. vera i  den vakre byen nerja - nokre mil aust for malaga. klara å kobla ut og ikkje driva med så mykje anna enn å sleika sol, laga litt mat men mest gå ut å eta både lunsj og middag, jogga kvar dag, bada, kanskje handla noko fint og drikka både vin og øl i passelege mengdar. lesa ei bok eller to - og fjorårets Nordisk Litteraturprisvinnar Eliasson si novellesamling "Mellom træerne" (på dansk) er noko av det absolutt beste eg har lese på lenge. iår var det tilogmed solsenger på heile familien og det var superhyggeleg å ha med lea og kåre. mange fine soldagar. me var i fantastiske alhambra igjen også. litt i overkant turistifisert og populært har det vorte, men me klarte oss bra. store menneskemengdar har aldri appelert særs til meg, vore mi sterkaste side. det er ein kunst å ikkje gjera noko særleg i løpet av ein dag. iår var eg flink! kjennes det ut som. imorgon er det rett ut på skulekonsertturné med isglem igjen. sein landing på dette flygande skrivande fly og rett til hønefoss imorgon tidleg tidleg. det skal vel gå bra det óg.