29 desember 2005

spikersuppelyden vinterstid og gleden ved gratisblekker

oslo freistar stadig å bli eller å vera ein stad som staden oslo ikkje er. oslo er ingen storby. til det er den rett og slett for liten. oslo er meir som ei litt større grend enn bergen. oslo er sjarmerande. ja. men kan det bli meir proviensielt enn lyden i spikersuppa vinterstid?

gudane si eng er det ordet oslo tyder las eg nyleg i lokalavisa. nokså sjarmerande tyding ja. og det nyttar ikkje kor heftig gratisblekkene natt&dag, sp(i)rit, planb og anna skum jobbar så sveitten renn. dei klarar ikkje å få oslo til å framstå som ein storby om dei så står på hove og drit i vinkel som me sa i gamle dagar. eg syns kanskje litt synd i desse flittige skrivarar men ler stadig høgt på passande og upassande stader under blainga i dei ulike blekkene. må berre lesa dei, ha bladd igjennom dei. føler meg liksom så hipp og oppdatert då. stakkars dei arme unge som må skriva dei riktige opp til dagen og innihelvetehippe meldingane om det siste som skjer i grenda. og uansett kva bygdetullingen fossen, liksomkjekkasen rolsness og patrioten stenberg gryt ut or seg så blir dei sitert, bombadert eller endåtil skriftleg likvidert av sine eigne. liksomstorbygratisblekkene. kosteleg. la oss håpa dei held det gåande og innad i familien vesleoslovest ei stund til. til glede for gamle lesarar.
og forresten var det litt skremmande og ikkje lite kvalmande å lesa ein viss vinger uten vingers skrift i siste nullfemnummer av dag&natt. fyren må jo ha blitt hovestups forelska for ikkje å seia forført av elvira sitt pludrande vås om hennar harde religiøse oppvekst og frigjeringa fram til eit album som snart er ferdig produsert for media. flaksevinger avsluttar det som liksom var eit intervju med å ropa etter gamalrockarane giske og bjørge. ropa at her er det nye norske musikkhåpet (ergo: send pengar). vel er vår nye kulturminister populist av den farlege typen som kan komma til å gjeva mest pengar til dei som ropar høgast, men gud hjelpe og fri og bevare oss om det er så enkelt som dette. kanskje det er nettopp det det er i grenda oslo.
tilbake til suppekokinga:
spikersuppa vert vinterstid fyllt med sørpeis og ei lydforureing som forsøplar halve karljohan opp til slottet. full guff med lyd i sjangeren ”urørt av menneskehendermusikk” i hovudsak frå det flotte utlandet. ein sjanger som stadig gjer seg meir gjeldande etter som studioa rundt i verda har grommare og dyrare lydutstyr enn nokon gong. (visse electronica-artistar skjønte dette (diverre) for lenge sidan). lydmøk. folk må ha noko å svinga rompene sine etter når dei endeleg har fått henta fram eller kjøpt seg eit nytt skeisepar må veta (ordet skeiser er eit lite nytta ord – og så vakkert). dei kunne i det minste ha bygd inn heile isflata. lagt lok på suppa. hatt skeiseisen i eit like stygt bygg som lyden. så stod det i stil og slapp å plaga ein stakkar. oslo vil gjerne høyrast ut som london eller helst n.y. kven har kjøpt og betalt denne arenaen midt i bygda for å spreia driten?

oslo er ingen storby. berre ei litt større grend enn bergen. oslo freistar stadig å bli eller å vera ein stad som staden absolutt ikkje er. synd. kan ikkje oslo berre få lov å vera ein sjarmerande, søt, hyggeleg og liten by. meir proviensielt enn lyden i spikersuppa vinterstid blir det ikkje.

20 desember 2005

vår trang til å rusa oss

i julestria, juletida som eigentleg er adventstida, ventetida.
men evnene til å venta på noko, ha tolmod og bygga opp til noko skal skje er som kjent ikkje lett å styra
ein kan forstå at me treng å dopa oss, rusa oss frå seint i november til utpå nyåret
det må ha noko med lys eller rettare sagt mørke å gjera
imorgon snur sola og det blir lysare
idag var eg tidleg på obs og fekk hanka inn litt pinnekjøt, nyttårskalkunen, julebrusen og noko anna småtteri
julaftas torsk er bestilt hjå erling moe i operapassasjen - pinnekjøtet skal venta til førstedag
det smakar endå bedre då
kjøpte ei furu i sofienbergparken som ifjor, hjå ein kar frå Tynset som også sverga til furu.
igår hadde det vore tre personar som tidleg i forrige veke hadde kjøpt dansk edelgran som det no
ikkje var att ei nål på. slik er det til jul.
snøen kom igår så dette kan bli retteleg kjekt for no
er det snart
jul

11 desember 2005

A pig is standing there, shouting like fucking hell

nei, personleg har eg har aldri vore særs engelsk i hovudet. det vil eg no slå fast. før året er omme. det er fleire grunnar til det som eg ikkje skal komma inn på i denne omgang. eg trur ikkje eg er åleine. Takk og pris. Takk og lov.

saken er at ein kan ha mykje moro med det. å ikkje vera engelsk i hove.
høyr berre her kva norske artistar i totusenogfem kan få seg til å kalla cd-utgjevingane sine (og dette er eit ørlite utvalg). snaddermat for lattermusklane – og andre musklar med, som den mellombelse dykkemuskelen: "a temporary dive" og hugs at det ser mykje hippare ut når alle orda har stor bokstav som her ”Just Hold Me” berre hald meg, eller varianten ”hold on” den meir klassiske ”my lover will go” ja det vil ho nok, kanskje ikkje om vedkommande får litt ”fucking & champagne” eller vert fortald ”stories from the street” i kongeleg staffasje ”royal uniform” beklagar ”apparently unaffected” og til slutt ”what else is there” Ein kan verkeleg spørja.

takka meg til oddn eller kaizers eller den vesle rakkarrapparen ivar som snakkar, brækar og syng i veg på kaugervelskoslosk –sjølv om eg aldri vil tilgje duett med erke ur inkarnasjon på mislykka norsk popartist som med eit er sleip platedirektør. det er jo berre patetisk, og eg kom til å sjå det fryktelege syn at han stod der og grynta med den svære kjeften sin igjen på ein skjerm i dette herrens år totusenogfem og det må ha vore frå rådhusplassen.
eg var på sleppet til oddn og kven andre stod der i døra med mange blafrande Afire ark og naut å ta imot alle som kom. det må ha vore han eller var det han andre?–seglem ja ja ja hvem er du da ja du står visste her ja visst ja det kommer jo så mange folk her ikveld ja velkommen velkommen du kan gå inn ja gå inn stig inn.
beklagar oddn men det var direkte ekkelt at denne mannen plutseleg skulle ønska velkommen til ein konsert med deg. at slike folk med eitt solar seg i glansen av alt det oddn sjølv har bygd opp gjennom hardt arbeid og heftig konsertering og gode plateproduksjonar etcetera etcetera. og oddn då – den gode telemarksmørbukk og svigermors største draum. han er jo det beste dømet i hinn retning og eit håp om at det framleis finst oppegåande dyktige artistar som ER norske i hovudet. ein fantastisk vokalist rett og slett. ein uhyre dyktig musikar som titt og ofte treff planken og lagar glitrande låtar. konserten var bra og sidan har det jo gått rimeleg godt for oddn. heldigvis har aldri oddn høyrt på dei som sa at han måtte synga på engelsk for å slå igjennom eller liknande eller kva pokker dei innbillar seg. at ikkje slike folk flyttar til dei sameinte stater eller ein eller anna stad i uk forstår eg ikkje. tenk om nokon hadde sagt til oddn at han burde kalla den siste utgjevinga si for ”the smart one” eller ”a smart guy”. Å min gud. Eg har aldri vore særs engelsk i hove nei.

04 desember 2005

sola snur snart att

tenkjer eg i desemberkvelden.
på det mørkaste no og då gjeld det å kveikja lys
både konkret og i sine tankar, handlingar og gjerningar
kommande veke skal eg til London att
spela med kvedarkvinna som kan kveda
gledar meg til det
eit slags lys å sjå fram til
når året er på det mørkaste
snart blir også året lysare
det nye året som ligg og vakar der framme
ikveld kom det litt snø og
den lyser kvit og fin
ei stund