23 mars 2014

Omtale av mi andre poesisamling

Sunnmørsposten i februar 2014.


10 mars 2014

India 5

09 mars 2014

India 4

6 konsertar i New Dehli. 9 konsertar i Ahmedabad. Hardt arbeid der vi møtte mange utfordringar kvar einaste dag. Utfordringar eg meinar vi takla og løyste på ein slik måte at dei aldri spolerte vårt fokus på å levere god og ærleg musikk frå ei scene. Indarane er eit støyande folk. Dei lagar mykje lyd og er mange. Det er ikkje så stor skilnad på folk i verda idag med tanke på evnen og fokuset på det å kunne eller ville lytta. Eg trur generelt - på verdsbasis (for å sjå stort på det) at mange er på vikande front, at konsumet av synsinntrykk er så stort og sterkt at vi i mindre grad vågar, ja rett og slett vågar å la det bli heilt stille, eller over kortare tid (som t.d. ein 60 minutts konsert) vil bruka tid på det å "berre" lytta, til musikk. Tidvis klarte vi det på eindel av konsertane. Der tilhøva låg til rette. Og på nokre konsertar var kommunikasjonen med det unge publikummet svært bra. Utan ord få dei med inn i ein for dei heilt ny verden av lydar. Der er nokre augneblink eg alltid vil hugsa. Både frå konsertane og andre situasjonar. India har gjort stort inntrykk.

04 mars 2014

India 3

Eg er over halvegs i turneen med kvartett i India, saman med dei eineståande musikarane Andreas Ulvo, Sigurd Hole og Jonas H. Sjøvvag. Idag leverte vi "varene" på C.N.Vidyavihar School i Ahmedabad for over 700 elevar frå 10 til 19 år gamle. Full trøkk frå sal - og scene. Klarte å få dei fleste med oss på reisen - og det utan å bruka særs mange ord. Ei flott stund - og responsen etterpå var storvegs. Dei vil gjerne ha oss igjen neste år! Det hadde jo vore moro og fått til det. I skrivande stund har eg ein halvtime før dei kjem og hentar oss for neste konsert - tøft program er det utvilsamt. Gjeld å halda fokus. Eg er skikkeleg og godt sliten når kvelden kjem etter to konsertar her.

02 mars 2014

India 2

 I have to write a few words in english and send a big thank you to all the people I´ve met in India the last week. I have been here for 6 days and it´s hard to find words to describe the warm welcome my quartet and our music has received. And the fantastic friendliness and helpness that we´ve experienced. Thanks to all the volunteers working for Spic Macay in New Dehli. Thanks to the colleges and the schools we have visited. We did 6 concerts - and we hope to come back for more concerts and work-shops in 2015 or 2016. We are now in Ahmedabad and we´re looking forward to the coming weeks program. Looks like 10 concerts in 5 days. So we need to build up - and relax when we can! It´s fantastic to visit this country and play for so many great and interested and listening audiences. I am also thankful to Rikskonsertene Norway who organize the tour and wanted this unique quartet to be presented in India spring 2014.

01 mars 2014

India

Musikken tek meg til mange stader. Det inneber mange sterke opplevingar. Reisa heilt til Dehli og framføra min musikk. Det er morgon den femte dagen i Dehli og eg skal forflytta meg til Ahmedabad seinare idag. Inntrykka er mange. Her på Jaypee Vasant Contintal går jo hotellmaskina for fullt heile døgnet og ein er totalt skjerma frå det fargerike livet som føregår på dei andre sidene av murane rundt. Eg har køyrt mykje bil til og frå konsertane og ser og ser. Studerer det heile på "trygg" avstand. Det er mange ting eg ikkje visste var som dei er. Det flyt av søppel mellom anna. Overalt. Like mykje folk som det er søppel og det heng ihop. Det er jo for mange folk her - i høve til areal. Trafikkbildet er nokså likt det eg opplevde i Islamabad. Filkøyring er eit ukjent omgrep og det er ei gåte at det går så bra. Men eg vil tru det årlege talet på drepte i trafikken her i Dehli er forholdsvis høgt?
På skulekonsertane har eg igjen fått stadfesta at vi er like, at musikken er eit fantastisk språk. Eg opplever ikkje at det er ein klisje. Det er ekte. Når du får folk til å lytta, og det er det musikkformidling handlar om først og fremst. Eg har kjensla av å få fortalt noko, sjølv om eg trur fleirtalet tykkjer musikken er svært framand for dei. Så viktig å vera fokusert her og no. Der og då. Full konsentrasjon. Det er krevande men eg får mykje att - etterpå. Det vil ta tid og det skal ta tid. Fordi inntrykka er så mange og så sterke. Eg møter ein hjartevarme og ein gjestfridom som er unik. Og den største skilnaden frå heimlandet er at alle har stor respekt for musikarar som formidlar, spelar musikk. Dei legg alt til rette for at musikkopplevinga skal bli til beste for alle. Alltid gåve før konsert, alltid kaffi/te og ein liten prat før vi blir visst til garderobe og scene. Det tek den tiden det tek.
No skal eg avstad å springa. På samme stad vel å merka - men det er for vågalt å legga i veg på jogging utanfor gjerdet her. Eg trur eg fort hadde sprunge meg heilt vekk.
Møtet med India har gjort stort inntrykk.