26 november 2016

Rundt i Japan på spelferd


Joetsu La Sone, Hiigata Jazz Flash og Kanasawa Mokkiriya er historie. Eit bakeri! (fint rom), og to små jazzklubbar med atmosfære og sjel. Vi leverte musikken, vi spelte godt. Diverre for altfor få folk. Eit eller anna grunnleggande når det gjeld PR for konsertane våre har svikta. Det har vore altfor lite folk - Økonomisk sett katastrofalt lite folk, for det betyr jo at eg har solgt altfor lite plater også. Underskotet er seks-sifra. Korleis investere for å endra på det ved ein eventuell neste gang? Idag er det siste dag, og den er fri. Er på veg mot Osaka der vi skal overnatta på flyplasshotellet før avgang tidleg imorgon søndag. Toget gassar på. Vi er snart framme. Mange hyggelege folk har vi møtt. Eg likar meg godt her. Det er kombinasjonen av at alt er på plass, ein ryddigheit og ein audmjukheit og nysgjerrigheit som tiltalar. Eg har kjent at musikken har nådd fram, for dei få lyttarane som har komme - Det hjelp mot depresjonen. Det røyner på verdigheita som kunstnar når ein opplever dette. Det legg eg ikkje skjul på. Ein start i ein ny marknad? Kanskje. Men ikkje for einkvar pris.
Bildet er frå klubben JazzFlash i Niigata, Japan 24.11.16.