21 mai 2008

så gjekk det ein heil månad

imorgon går eg igang med konsertdag nummer trettitre for rk denne våren - om eg ikkje har komme ut av teljinga. Må telja talet på konsertar og skal talfesta dei før sommarferien, om det blir noko slik ferie då. imorgon bryn skule i oslo klokka halv ti. der spelar eg saman med dei fantastiske folkemusikarane Saghir Ali på dohl og shenai og Muhammad Asghar på vokal, frå Pakistan, og vokalisten Lena Skjerdal frå Sogndal. gledar meg. har fått til eit flott konsertprogram og skal gjera unna atten konsertar på åtte dagar pluss tre kveldskonsertar som avsluttar det heile i begynninga av juni. det har vorte for mykje rikskonsert ivår. eg er sliten. men det er oppløftande å spela like fullt :-) det er det det handlar om. hentar fram krefter eg ikkje trudde eg hadde, og får inspirasjon av å spela saman med andre. skal ikkje nemna alt det andre eg har - i tillegg. noko lir under det. eg veit det. ein kan alltid bli betre og eg har mål om å bli det. alltid.