14 januar 2014

nærmar meg trehundre skriftinnlegg her

det er jo ikkje det at det er så mange innlegg her
eller så ofte - 
men no vil eg gjerne vita om det er nokon som les dei i det heile?
statistikken seier at det er nokre som les.
no blir eg glad om de melder.
eg treng det.
for å halda fram -
det er jo ein personleg blogg på mange måtar
for meg som skrivar er det på mange måtar ei frisone
der eg ikkje er "redd" for å skriva det eg der og då skriv
her og no skriv

til deg: skriv ein kommentar!
eg legg den ut

vil berre vita om det er nokon i det heile der ute/inne
som les

11 januar 2014

svartkvittmorgon med snø

dei mjuke kvite kantane mot den svarte januarelvi
nedover nedover

dei svarte stupi i berget som aldri blir dekt av snøen
oppover oppover

dei stolte vinterbjørkene var nesten fiolette
no står dei gråskuggelagte i fjellsideklyngene sine

det vesle som kjem av lys til dagen kjem no
eg er vaken