22 november 2005

meir regn meir bergen

tre konsertar idag. på barneskular like utanfor bergen. arna. inspirerande arbeid. krevande arbeid.konsertar for barn og ungdom har eg arbeida med sidan i nittenåttifem. det er tjue år det. framleis gjev det meg mykje. utviklar meg. inspirerar meg. konsertane er ikkje mindre viktige idag enn når eg starta. kanskje tilogmed viktigare. det er mange førsteklassingar som aldri har høyrt ein saksofon eller eit bukkehorn og som heller ikkje har blitt satt på den prøven å halda munnen igjen og øyrene (ikkje augene) opne over forholdsvis lang tid. konsertane varar frå tredve til førti minutt. høyrsla er ein undervurdert sans. undervurdert eller underprioritert. vi må læra å bruka den som vi må læra å bruka augene - men det er vanskelegare. for dei fleste. heldig eg då som kan reisa rundt på skulane i norge saman med slagverkaren og opna øyrer. det er det me gjer. grovt sagt. eg gler meg til kvar dag. og sjølvsagt regnar det framleis. hittil iår har det regna eithundreogåttisjudagar. i heile fjor var det tohundreogfemten regnværsdagar. så det er sagt. det regnar alltid i bergen.

15 november 2005

om skrift om lyd

Seriøse norske kritikarar av musikk er i klart mindretal. det er stadig like fasinerande å lesa, som utøvar, komponist og produsent, kva enkelte kan få seg til å skriva. kor fjerne dei er frå det eg held på med. eller kor fjern eg er i forhold til det andre held på med. kor mange av mine tjueein album har dei høyrt. kva forståing har dei for musikken min. i den gamle jazzmeldarens vokabular er eg sogningen som spelar småsurt, og mange finn dessverre ikkje jazzforma: melodi-improvisasjon-melodi i min musikk. difor er musikken uforløyst. manglar form. at eit naturtoneinstrument i seg sjølv er svevande, er også ein svært interessant observasjon. likeeins at det norske bukkehornet er eit ikkje-vestleg instrument som i samspel med såkalt vestlege instrument ikkje høyres heilt reint ut i jazzmeldarens øyre. " - kanskje dette er meningen?" - kanskje. overtone-spel på tenorsaksofon kan jazzmeldaren også mykje om. men sidan eg har spelt det, og det på ein måte som ingen andre tenorsaksofonistar i verda kan spela akkurat det, er det ein tanke irriterande at kunnskapen eller horisonten, høyrsla, er så eindimensjonalt innstilt hjå den som melder. skriv. skrift om musikk er vanskeleg. folk som ikkje kan skriva om musikk burde la vera, eller kanskje det er nettopp dei som burde skriva. dei gjer oss til bedre musikarar fordi dei skriv så elendig. følg med i timen. nokon meinar bestemt at dei gjer det, men det dei skriv fortel noko heilt anna.

det som er løyst hjå nokre er uforløyst hjå andre.
våre liv i lyd formar oss og våre øyre. vår høyrsel.

kanskje eg må spela inn tjueein album til før jazzmeldaren forstår kva eg driv med. nei eg trur ikkje det vil hjelpa. eigentleg. eg treng heller ikkje at det skal forståast - av jazzmeldarar med innskrenka høyrsel. det er noko anna eg driv med enn det nokre kan høyra. vil høyra. slik er det berre. kvifor skriv dei ikkje at dei ikkje likar det ut frå sin høyrsel, sin kunnskap. istaden for å vasa seg inn i meiningar dei eigentleg ikkje har. det er jo ein ærleg sak. ein treng ikkje lika det. feitt nok. eg veit kvar eg står og må arbeida videre med det. det er det viktigaste av alt. hald på med ditt som diktaren skreiv det.

13 november 2005

til bergen i regn

og meir skal det visst regna her i veka som kjem
her i denne byen der eg budde i tretten år
eg veit jo at det regnar her
det blir ein vane og det gjer ikkje noko så lenge ein kan arbeida og då spela, få spela
skal rundtomkring i Arna og Åsane på barneskular
saman med slagverkaren
det er givande
og tvilling to er med :-) ho søv og er nok spent på kva dette blir
"er det sant at det alltid regner i bergen"
ja vesle ven, det er sant

11 november 2005

mørkare nord

men det var ikkje så mørkt
sjølv om det var ein heftig første novemberdag
fly og tog får oss rundt omkring og dagen var full før eg fatta at eg skulle på eit fly til bodø
heftig dag. dagen eg skreiv søknader og i tolvtida den dagen såg eg at fristen for å søkja UDstøtte var
første november. altså den dagen. det heldt hardt. eg skal på turne i Tyskland i mars06 og UDstøtte
er heilt avgjerande for om det blir muleg. eg skreiv. fekk det til. fekk opp eit budsjett. kopiert vedlegg etc.etc.
Eg hadde også instrumentet mitt på reperasjon. levert det inn tidleg dagen før. måtte få henta det hjå sjølvaste helge hurum som er sax-reperatøren over alle. han tek hand om instrument. Skulle på flybuss atten tjue. på øvingsrommet i kongens gate pakka eg instrumentkoffert med effektpedalar til bukkehornet som eg skulle bruka i bodø. ein blå koffert full av effektar drassatrilla eg med meg gjennom byen, henta saxen og såg at søttentrikken gjekk rett forbi når eg kom ut av operapassasjen. eg gjekk rett på ellevetrikken som tok meg over nybrua og eg hadde då verkeleg tre kolli: sax, koffert, sekk. trikk stoppa ved nybrua og eg ut av ellevetrikk i ein fei. måtte heimom før flybuss. gjekk fort til busstopp der trettieinbussen kom med ein gong. gjekk på. då oppdaga eg at kofferten ikkje var med. den stod att på trikken. på trikk elleve som eg hadde teke frå storgata klokka femten førtifem. ut av buss ved Sofienberg. ringde nummer eitthundreogsøtten. ho skulle sjå kva ho kunne gjera. ho ringde opp att. nei ingen koffert ikkje der. effektpedalane mine, forsterkar. utstyr for titusen norske. ho etterlyste den på disen. trafikksentralen. eg gjekk trist inn på søttentrikken. heim. ringde trafikkontoret. vennlege folk. ja gjera alt han kunne gjera. alt dei kunne. kokte spaghetti til jentene. jentene skulle på turning. avstad og handla på rimi. telefon medan eg kjøpte søtagurk og leverpostei. nei dessverre ingen koffert. eg vart trist. deppa. klokka var halv seks. heim. ikkje lenge til flybussen gjekk no. nærma seg atten thue. pakka tannkost og linsesaker. Telefonen ringer. Jo. No hadde dei funne ein blå koffert på ein trikk ved jerbanetorget. Oslo S. Dei va på veg opp. Kofferten va på veg opp i ein bil. Eg spurde om det var muleg å køyra den til flybusstoppen sinsenkrysset. kanskje kom den ti minutt før bussen? På håret. bussen var forsinka. tre minutt før bussen kjem svingar ein bil inn og der stå min blå effektpedalkoffert heilt heil og klar. grip den. eg tek flybussen. kjem meg til bodø. der spelar eg dagen etter på Mørke Nu. alt greit. Oslo er med andre ord ein trygg by å transportera blå koffertar med effektpedalar i. på trikken.

08 november 2005

det er mangt ein skal høyra

frå kollegaer -
at sponsing gjev større fridom til dømes: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/5204823.html
Det er ein av medlemmane i gruppa BrazzBrothers (BB) som kjem med denne oppsiktsvekkande uttalinga til ein journalist i vår norske statlege kringkastar. “Mer frihet og mindre føringer er resultatet når det er næringslivet og ikke staten som støtter kunsten. Stadig flere kunstnere vil samarbeide med næringslivet. For offentlige kroner legger begrensninger på kunsten”, meinar trombonisten eller er det trompetisten?

Uttalinga er oppsiktsvekkande både fordi BB i ei årrekke har motteke betydelege midlar mellom anna frå Norsk Kulturråds Ensemblestøtteordning. Også lenge før dei fekk sponsoravtale (2000) med Statnett. Og dei har ved hjelp av statlege midlar - og sponsormidlar, bygd seg opp til å bli eit betydeleg musikalsk kraftsentrum i norsk musikkliv. Både kunstnarleg og forretningsmessig.

Me musikarar i rike Norge skal vera sjeleglade så lenge me har støtteordningar som FFUK, FFLB og NK. Alle bygd på statlege - kollektive kulturmidlar. Midlar som kjem nokre til gode og som i dei fleste tilfelle er svært viktige, ja avgjerande, for at ein kan utvikla noko viktig over tid. Det er fleire som ikkje forstår at desse ulike fond er med på å heva nivået på norsk musikk generelt - uansett sjanger. BB er sjølv eit kraftfullt bevis på det. Om dei ikkje ser verdien av å motta denne statlege støtten også i eit større perspektiv er det i beste fall trist.

Eg har motteke ensemblestøtte frå Norsk Kulturfond fleire gonger. At formidlarane av desse midlane på noko som helst måte har gjeve meg føringar stemmer ikkje. Eg har brukt midlane til det eg søkte om. Fått høve til å spela inn musikken min på CD, reisa på turne – stå på ei scene og framføra norsk verdensmusikk saman med andre musikarar eg gjerne vil stå på ei scene med. Eg må skriva ein rapport om og eit reknskap over at dette er gjort. Det skulle då berre mangla. Er det dette BB meinar er føringar? At ein brukar midlane til det ein har søkt om?

To spørsmål til BB:
a) Kva slags einsretta føringar har t.d. ensemblestøtten frå Norsk Kulturråd gjeve BB?
b) Kva slags fridom har Statnett gjeve BB?

Det er liten tvil om at uttalingar som dette gjev partifeller i eit parti eg ikkje vil skriva namnet på, vatn på mølla. Idéane om at all kunst skal lønna seg, og den kunstgrein eller kunstnar som ikkje klarar leva av det han skapar, får finna seg noko anna å driva med. Det nivået og den breidden norsk musikkliv idag har, hadde me aldri oppnådd om ikkje velfungerande støtteordningar innan musikk hadde vore her.

At støtte frå næringslivet over tid - i form av ein sponsoravtale også kan vera viktig, tvilar eg ikkje på. Mine erfaringar i enkeltvise samarbeid med m.a. Hydro og Oleana har vore eintydig positive. Dei har spurt etter nettopp det eg kan formidla - og vonaleg fått det. Det kunne vore interessant å utvikla felles idéar med ei profilert bedrift, men eg tvilar på om eg ville følt meg friare enn når eg mottek støtte frå staten.

Men gjerne for meg BB: spel for og med næringslivet. Føl dykk fri - utan støtten frå Norsk Kulturfond eller andre fond de har nytt godt av i tjuefem år. Det står mange dyktige musikarar i kø – i alle sjangrar, som meir enn gjerne mottek støtte. Og som også meinar det er heilt på sin plass at staten i det minste får ein rapport om kva pengane har gått til. Eg håpar uttalingane var ein glipp. Om ikkje, uroar utsegnene meg alvorleg på “standens vegne”.

PS. Ifølge opplysningar frå Norsk Kulturråd er BB det jazzensemblet som sidan nittitalet, har motteke mest støtte (det er andre og større ensembler innanfor andre sjangrar som har motteke større beløp). BB fekk først støtte via fast post på statsbudsjettet. Frå år 2000 har BB motteke kr. 500 000 i året frå ensemblestøtteordningen - Norsk Kulturfond.

04 november 2005

folkerskrift

"Manchmal fällt es einem leicht, seiner melancholischen Sehnsucht Ausdruck zu verleihen. Man legt eine CD von Karl Seglem ein und das Innere wird jedem offenbar. Dabei sind in der Melancholie des norwegischen Tenorsaxofonisten keine depressiven Elemente zu finden. Reik lebt, wie bereits die Vorgänger-CDs, von der ruhigen, meditativen Kraft, die Schwermut und Stärke gleichsetzt. Die gleiche Stärke, die den Menschen befähigt, sich verletzbar zu machen, wenn er sich öffnet, beseelt das Spiel von Karl Seglem. Dabei betritt das männliche Pendant von Mari Boine mit Reik modernere Pfade als bislang gewohnt. Die archaischen Kräfte weichen den Klängen einer modernen Zukunft und zeigen den Weg, wie Tradition und Entwicklung widerspruchslos ineinander greifen. Auf Reik hat Seglems Weggefährte und Hardanger-Fiddle-Ikone Hakon Hegemo nur ein kurzes Gasspiel, dafür betritt mit Reidar Skar ein führender Studiotechniker die Bühne. Loops finden den Weg und rauben dem archaischen Ziegenhorn die Vormacht. Die bewährte einfühlsame Begleitung von Gitarrist Nikolai Ivanov und Schlagzeuger Harald Skullerud erzeugt eine sanfte, aber stabile Struktur, in der sich Karl Seglem sicher bewegen kann. Der Winter kann nun kommen, Reik wird ihn begleiten und irgendwann den Frühling begrüßen" FOLKER 6/2005

gjennom handling: me

er me

det me gjer viser kven me er

ikkje alt me tenkjer er me

nokre tenkjer mest

handlar mindre

ikkje mindre viktigare

det nokon av oss ikkje gjer

og alt me andre gjer

gjer me slik

er me