09 mars 2008

dag før dag åtte

på tur i nord. igjen. dag åtte på turneen, når ein tel konsertdagar er imorgon mandag tiende mars. meir snø i bodø enn sist. altså ikkje meir vår anna enn på kalendaren. ei veke til her, fem konsertdagar ventar. og vi skal til øyane værøy og røst. der har eg ikkje vore sidan tidleg på nitti-talet saman med perkusjonisten. kom nettopp inn på brakkeriggen til hallingdølen thon, men eg har no enkeltrom. det verste her er frokosten som alltid i denne hotellkjeda blir servert i ein restaurant ved namnet til ein film-figur, eigentleg dansk, men gjort norsk og udødeleg av arve opsahl. også han borte. frokosten er sånn passe og som kjent er min aversjon mot høg radio sterk, så eg gruar meg allereie til frokost. vel. det er no litt for dumt. eg gjer ikkje det - men ser ikkje fram til den med glede. men mat må ein jo ha. kanskje eg skal prøva noko heilt nytt til frokost imorgon? ta det som ei utfordring?
vil prøva å glimta til i bloggland denne veka. ikkje synka enn i apatien. er no ikkje nett plaga med det - og har faktisk eindel arbeid som må og skal gjerast. skriva musikk til dømes. og dikt til dømes. og meir med.med.