27 juni 2010

konstaterer

at blåbærlikøren som har stått i snart eit år, er svært god. sit ute ved eit bål, ved ei elv. elvi. junikveld. junielv. der går fisk opp no. det er eg sikker på. pipe og likør er ingen dum kombinasjon men la meg ikkje fortapa meg i euforiske smaksutlegningar. det er så mange andre ting ein kunne skriva om. men det å ha komme til sommarhuset sitt, etter å ha leigd det ut i nærare sju månader er ein fin ting. sommartemperatur er det ikkje. rå vestlandskveld som snart er natt. veldig lys natt sjølv om soli har snudd som det heiter (den har jo ikkje det). eg treng ikkje så mykje meir enn eit bål og ei elv har eg funne ut, men lyden frå rickie lee jones sitt flotte album Pop Pop inne frå stova må også med i bildet. høyrslebildet. sansebildet. eg tenkjer at jubileumet må feirast her - neste sommar ;-) det er her alt starta. for meg. enkelt. så vanskeleg. hat og kjærleik med underlege klangbotnar.