20 november 2016

Tokyosol


Sola skin på ein søndag i Tokyo etter ein grå og litt kald dag igår.
Eg har altså hatt min første konsert med kvartett i Japan. Vi hadde 
ei fin stund på scena og responsen var upåklageleg. Her i hotellsenga 
i den tidlege morgonen etterpå kjennes det litt tomt ut - 
ei utladning igår. Kjenner meg åleine. Og det er eg. 
Upåklageleg respons. Det virka som om folk 
vart med, var med inn i musikken. Lytta intenst
Ekstranummer, og vi solgte mange plater. 
Det japanske folk er høflege, audmjuke. 
Viser respekt og gjev respekt. Folkeskikk - 
Det er veldig kjekt å vera her. Også igår var vi ut og åt eit godt måltid - kjøtlaust. Kun fisk, skaldyr, grønsaker, ris. Bildet tok Tom Knappskog etter konserten - Sola skin. Eg må ut å gå!