20 august 2014

fleire augustlinjer

eg blar tilbake i bloggen. klikkar på august 2006, august 2007, august 2008 og august 2009.
eg ser spiret på uranienborg kyrkje. dei har saga ned mange piletre ovanfor sinsen terrasse.
på eine sida av fjorden er det blåsvart og på den andre skin soli. den skin også inn her. eit svært cruiseskip sig ut mellom rådhustårni medan ei skjor set seg på straumkabelen inn til dette huset.
uformeleg klumsete pianolyd frå underetasjen. dotter mi pustar tungt på kjøkenet. eg har lyst å gå ut i hagen og klippa urter nok til ein god pesto. ein augustpesto berre eg kan laga. ikveld ein gong. skal eg fyra opp eit bål? eg kan det. om eg vil. kjenner meg priviligert. augustpriviligert. då ligg alt opent inn i hausten. den mest skapande tida. energien eg fekk frå Jotunheimen i sommar er sterk. den tek eg med meg lenge lenge lenge. snart reiser eg meg frå stolen og går ut.