10 november 2013

tikk takk

uret er ikkje sju på morgonen
soli står rett inn glaset

kvite fjell med gult lys
grått hav langt ute
glidande fuglar

mørk trailerbass dunkar
inn og ut av kroppen
alarmen kvin

ei fluge lear på vengene for første gong
eg knuser vateret mot glaskarmen


Dette er det første diktet i den andre diktsamlinga mi. som kjem ut onsdag 13.11.13.

04 november 2013

vips

så var slepp-turneen for nok eit nytt album NyeSongar.no over. Det var opptur. Det er opptur her og no. Mandagen etter. Dei siste konsertane var storvegs. Både Kultur Beim Esel og Marburg. Og for eit band - for eit lag. Så fine folk. Gode musikantar.
Sjekk denne songen: http://vimeo.com/78250079
Vi må jo berre køyre på. Tru på jazzen :-) i oss -