13 august 2008

august er her


Hadde ein veldig fin ettermiddag på Vinjerock 2008. Supert publikum og solid band i ryggen - og eit utsyn frå scena som inspirerte veldig. Sjølv om regnet så smått hadde begynt å falla var stemninga stor. Ein flott og unik festival som eg gjerne kjem tilbake til. Min favorittmånad: august, starta altså veldig bra. Og eg drog rett til Gudbrandsdalen, Ringebu, Bersveinshølen, der tredje og siste JUV-framsyningar venta. Det også ei sterk oppleving i eit vanvittig utfordrande "rom" å spela i. Danseframsyninga har potensiale til å nå ut til eit stort publikum - men det er det ikkje alle som har forstått. At den er sett av 10 000 er jo flott, så får vi kryssa fingrar for at det ein gong i framtida blir meir Juv. Noventar ny plateinnspeling snart. Gledar meg til å reisa til Gøteborg og spela inn CD med Eple trio.