16 februar 2006

å sysla i studio kan eg lika ja

eg likar dette. det må vera difor eg gjer det. forfattaren les. han les godt. sine eigne dikt. eg arbeidar i studio med dikta hans. med musikken min. stemningane som ikkje må gå ivegen for det han les. eg må lika å forma slik. sidan eg så ofte gjer det. formar. måtar til. her møtast i eit studio i oslo. komma seg hit gjennom snøen som fell og fell og som det seiest at det det ikkje har komme så mykje av på førtito år. inn på ein trikk der eg høyrde på portugisaren Rao Kyao spela Fado på saksofonen sin innspela for så lenge sidan som nittenåttitre. fint det. fint enno. no skal eg rett inn i buret og spela tenorsaksofon

10 februar 2006

meir skrift, godt at nokon skriv om musikk

tenkjer eg mest. i norge. at det finst nokon som skriv om musikken ein skapar. det er ikkje verst. i dette landet.
formuleringen om at eg har nytt godt av at ingen har laga den musikken eg har laga, før, er ei formulering på høgt nivå.
igjen: kor mange av mine tjueein utgjevingar har du høyrt?
Eg har også alltid lurt på kvifor min musikk er frå fjellheimen? sjølv om titlane peikar dit. Musikken er skapt like ved Sten og Strøm eller Stein og Straum som eg likar å sei det, i Oslo. Tjukkaste feite Oslo by. Nord i verda. Fjell. Jodå. Fjell er det her også.
les det her: www.ballade.no eller www.groove.no
ok. eg stoggar her. ei fredagsnatt. er mest glad for at det står noko om det eg har skapt. innerst inne. nokon har øyrer. har lytta. brukt dei. på eige vis og med sine referansar på kva dei øyrene har motteke av lyd i sitt liv. det er fint. uansett. ikkje alle forunt. eg spelar på. ja ja.

06 februar 2006

kjenna seg heime

eg har ikkje tenkt på at såkalte målfolk er gjennomgåande sure. men har no, etter at eg fekk gleden ved å delta på og markera at Noregs Mållag er hundre år iår, lært noko. at det er målfolk som er sure på målfolk. det er noko heilt anna eigentleg. det gjer jo at nynorsken på mange måtar er lettare å ta. at målfolk kastar seg bitre og sure ned i skyttargravene sine og skyt på kvarandre. istaden for å stå med kneisa hovud og seia at dei er stolte over at dei skriv slik som dei skriv og at dei kjenner at det å skriva slik, på nynorsk, er det einaste riktige for dei. eg vart litt stolt sjølv eg. av å omgje meg med så mange flotte folk med det til felles at dei skriv nynorsk - i uendeleg mange variantar, sikkert. det er som med jazz- og folkemusikkmiljøet det. det er ikkje berre ein måte å spela saksofon eller hardingfele på - og takk og lov for det. sjølvsentreringa og sjølvøydelegginga i slike rørsler er stor. det er og blir nordmenns svøpe dette med evna til samarbeid. det viser seg igjen og igjen. gong på gong. derfor er eg ferdig med såkalla lagsarbeid. har gjort det nok. opplevd nok splid. godt å kjenna det. men ikkje dermed sagt at eg ikkje vil stå med kneisa hovud å seia at eg er stolt over at eg skriv nynorsk. og spelar instrumentalmusikk på nynorsk som eg så treffande sa det sjølv under målrocken i totusenogfire. eg vil ikkje tenkja eller i det heile ha fokus på, stilla spørsmål ved, om målfolk er sure. heller med olaug: målfolk er sjølvironiske og avslappa. og mange. ut av skapet med dykk.