19 mars 2009

sein ettermiddag

Nesna. Eg sit i ei gul campinghytte og høyrer vinden knaka, regnet sler hardt mot vindauget sjølv om det er to meter ut til open himmel - verandataket hjelp ikkje. det driv som det heiter. mars driv på, seier eg. eg har ein dag igjen og turneleggaren har lagt opp til den lengste køyringa og dei minste skulane imorgon på ein fredag, slik at ein ikkje kjem seg sørover og er heime før langt på kveld. Lurer på om ho har familie? Turneplanleggarar har eg ofte hatt lyst til å prata med for å læra litt om korleis dei tenkjer. Ein alvorsprat ville eg i dette særtilfellet ha teke - men det får vera. to konsertar og ferdig. eg lengtar etter vår, etter varmare, etter sol og lys. det er heldigvis berre omlag ein månad til eg skal til spania.
eg har altså nesten gjort unna heile nordland fylke igjen. for tredje gang. første med kenneth, andre med terje, tredje med håkon og harald. det er eit flott fylke å reisa i. fantastisk natur og opptil fleire trivelege folk på flotte skular, (dei andre snakkar vi ikkje om.) konsertane har gått veldig fint også denne veka, så vi får håpa at nokre andre fylke vil ha oss - -med tid og stunder. i desse tider veit ein aldri kvar RK hoppar! og kven..
huttetu som det blæs og regnar. blir å halda seg her.... eit halvt døgn til.