17 desember 2010

flaue lister

eg seier til meg sjølv at eg ikkje skal la meg provosere. og eg prøver så godt eg kan å la vera å bli provosert av det musikalske einfaldet som ulike aviser, nettstader og andre syner når dei no ved årets slutt kårar sine album av året. det finst så uendeleg mykje bra musikk, og så ufatteleg lite av den når ut til mange - og ulike folk. dette ikkje åleine på grunn av trangsynte einspora kritikarar som i vårt vesle land oppfører seg som sauer: i flokk, men også fordi distribusjonen av musikk på gammaldags vis, ikkje fungerer som den gjorde. det er fleire årsaker altså. eg er med på det. men la oss ta kritikarane først ( det er tross alt enklast). desse maktfolka, denne vesle saueflokken (som aldri vil innsjå eller forstå at dei er det), dei små redaksjonsflokkane som ved årets slutt skal setta opp sine lister. som alle set opp dei samme utgjevingane - berre i ulik rekkefølge. Variasjonen og mangfaldet er fråverande. Det er pop, rock, hiphop, rap, rap, hiphop, pop, rock, rock, metal, pop, techno, rock, hip hop, køntri, pop, rock, heavy, heavy, heavy, rock, heavy, pop, pop, rock, rap, pop, hiphop, rock, pop og så vidare. og aller helst skal det sjølvsagt vera produsert i andre land enn i Norge, eller iallfall kjem det som er det klart høgare opp på lista (kanskje av heilt andre grunnar?) Norskprosenten på desse listene er kan ein seia, gjennomført ufatteleg låg. også om ein ser på kva språk det meste av musikken blir sunge på (det er ikkje tysk - for å seia det slik). for omlag eit år sidan skreiv eg også om musikkjournalistikk her i bloggen. skreiv at eg innsåg, eller har erfart at det er svært få skriveføre, dedikerte musikkjournalistar i norge. svært få. og at etter å ha drive plateselskap sidan tidleg nitti-tal har eg pondus til å hevda det. etterkvart som flaumen av cd´ar har auka, har verken nivået eller talet på dei som skal skriva om musikk vorte kvalitativt høgare. den lokale oslo-avisa aftenposten hevdar igjen at dei har kompetanse, men sjølvskryt stinkar minst like mykje iår som ifjor. det kan ikkje vera lett å vera skrivande musikk-dedikert i dei andre tabloidioti-avisene heller. og kunnskapen om musikk er liten. det er synsing. ein treng ikkje anna enn eit par øyrer for å skriva om musikk. tenk om bokomtalar hadde blitt skrive av like inkompetente folk? Eg må også ta dette opp att: det at mange vil ha det samme, helst nøyaktig det samme som alle andre, på samme tid (helst) er uforståeleg - for meg. som plateselskapsdirektør også - men først og fremst som nysgjerrig lyttar. ein «mekanisme» eller idé eg aldri kjem til å forstå. fører ikkje denne kommersielle idéen (om det er det det er?) til einsretting? no er det nærmast stadfesta som «sant» eller «greit» - ein ting ingen reflekterar særs over: det at det finst masse av ein ting BETYR at den er kvalitativt bra? Opplest og vedteken???? HJELP! dette er noko eg ikkje forstår. men aldri vil godta som sanning. eg må halda fram med mitt. iår som ifjor. i min vesle nisje og vera nøgd med det. noko eg også er. så eg forstår ikkje heilt kvifor eg let meg bli..... provosert. eller om eg eigentleg ER det? Kanskje ikkje -