16 november 2016

NordicBalm Tyskland 2016


Vi toppa det heile på klubben Platenlaase i Jameln. 150 i salen og fullt kok. Jubelen i det vi entrar scenen får meg til å føla meg som ei rockestjerne. Det er berre å gi alt. Alle gir alt. Fleksibiliteten i bandet er stor. Vi har ikkje akustisk piano denne kvelden men eit tangentbrett som eg fekk vita vart kalla raudløk av tangentmenn. Så Ulvo spelte på raudløk. Det gjer han (også) som ingen andre. Det let spesielt, og spesielt godt. Superfin stemning og ein fantastisk respons. VI fekk ikkje mange timar søvn før vi sat i taxi på veg mot Hamburg og flyet heim. Landa midt på søndagen, og begynte straks å førebu Japanturneen som startar ut med første konsert 19.11. på Pit Inn i Tokyo. På den skrivande dag kom det nye fine kritikkar av Nordic Balm i Tyskland.