14 juni 2011

EIGNE FAVORITTAR

Inspirert av ei vekeavis eg ikkje skal nevna namnet på vil eg starta ein serie som heiter tre eigne favorittar.
Her er dei tre første:

JONSERED CS2141
Dette er ein tett kraftig motorsag-plugg. Alltid lett å starta, lett å håndtere, lett å bera med seg i sekken. Eg har stor glede av å dra til skogs med det mål for auga å skaffa brenne til kommande vinters kulde. Oslo kommune har sjølvhogst av ved. Ved Steinsbruvatn fekk denne raude hissigproppen min køyrt seg ein haust. Lyden av den på full guff når eg feller ei svær furu vart teke opp og sent over fm-nettet av sjølvaste NRK. Når lengten etter å dra til skogs og saga ved blir stor nok, fyrer eg av lydsporet «Hogst».

TABAGO
Noreg hadde ein pipefabrikk på Lillehammer. Restane av den vart spreidd. Heldigvis slutta Baard Hansen i oljebransjen, og begynte å laga piper. Han kjøpte noko av utstyret frå fabrikken. Og frå den vesle pipeverkstaden på Bryggen i Bergen kjem den eine håndlaga pipa av briar (sør-europeisk sjeldan hard rot) etter den andre. Det er høgtidstund når nyhendebrevet med nylaga piper kjem. Tre av pipene mine er frå Tabago. Klare favorittar. Kunsten å laga gode piper i landet er teke vare på. Ei og anna nytingstund med ei pipestappe skadar ingen. Det er eg viss på.


VANILJE
Har ein piper må ein ha noko å stappa i dei. Eg oppdaga til mi forskrekking tidleg ifjor at vanilje-tobakken eg lenge har hatt som favoritt ikkje var å finna lenger i standardutvalet av piperøyk. Verken i land som Gardermoen, Tyskland eller Spania. Heller ikkje på nettet kan ein tinga den såvidt eg har registrert. Eg fekk tak i ei pakke ein eller annan stad i vår. Har no ein siste rest som eg spinkar og sparar på. Nyt den kun til høgtidstunder (t.d. ved bålet etter å ha saga ved). Får nokre lesarar tak i favoritten min må dei snarast ta kontakt, og dette var ikkje reklame for tobakk (røyking drep, som kjent).