29 januar 2015

Regnet


Regnet mot takvindauget
i huset
eit sakn
det å ikkje skriva eit dikt kvar dag
skriva kvar dag
spela kvar dag
leika kvar dag
eg spelar, skriv, leikar kvar dag
gjer eg ikkje?
kva gjer eg ellers, om ikkje nett det?
kva er alt det andre eg gjer?
og det at du dreg meg ned
det kan ikkje utvikla seg i den leia at du dreg meg ned
du må dra meg opp
dra meg opp kjære
så skal eg dra deg opp
slik kjempar me
me kjempar slik, kjempar

10 januar 2015

Januarmorgon

morgonane går i kvarandre
som grå og svarte perler

eg trillar dei store og blanke

nokre av dei veks og blir til trailerdekk

bortetter snøasfalten held kantane meg i midten