06 november 2016

Etter Fürstenwalde, siste dag -


Ei veke på spelferd går veldig fort. Det er siste dag inne i Van for Bands MBSprinteren og vi er på veg mot Jameln og Platenlaase -  Det er kanskje 15ande konserten min i Jameln? Joachim og Astrid er vener og pubikum der kjenner meg og musikken min - er ivrige fans. Eg er litt spent på korleis det vil låta med elektrisk piano, Nord, eller raudløk som tangentmenn kallar den :-)  I India gjekk godt å presentere denne musikken med eit litt meir elektronisk lydbilde, men det blir ein overgang etter å ha spelt 5 konsertar akustisk, med flygel. Vi tek det som ei utfordring. Rapport følgjer. Konserten igår i Fürstenwalde var ein av dei beste. Det skjer noko med bandet når vi har konsertar etterkvarandre. Følte at det flaut veldig bra med masse energi og framdrift. Nye improvisasjonar, nye landskap. Føler meg heil der og då, spelande. Det er ståande applaus og ekstranummer all over men cd-salget har vore litt dårlegare enn eg hadde trudd. Grundar på årsakene til det. Ikveld prøver vi vrien: Kjøp ein cd så får du ein! Det inkluderer også 3cdJazzBukkBox. Sjå om det kan gå litt av beholdningen i cd-kassen. Det har gått litt av vinylen eg hadde med. LP er på frammarsj også i Tyskland. Scenefoto frå Kulturfabrik Fürstenwalde (DE)