24 juni 2016

den vesle store fuglen

sir Paul vil synga om svarttrosten ikveld. eg skal høyra på. om trosten som syng om natta. noko den aldri gjer. berre alle andre tider på døgnet. men i songen syng den in the death of night. eg gler meg til konserten. til å høyra ein av dei største, om ikkje DEN største såkalte pop-komponisten av vår tid. Ingen er i nærleiken når det gjeld melodiar, melodiføring, melodikk og harmonikk. han har 32 låtar på toppti billboard eller meir. eg og tal er ikkje å lita på. ikveld står han på scena i bergen. eg er der saman med 22 000 andre. sir Paul har aldri spelt i Bergen før. eg har knapt vore på så store konsertar før. er litt skeptisk men eg gler meg - mest. eg gler meg veldig kjenner eg. sir Paul er den største pop-fuglen, håpar han syng om den vesle svarttrosten -