23 november 2016

Ut av Tokyo

Ombord i Shinkansen mot Jouetsu ein onsdags morgon. 280 kilometer i timen susande vestover i Japan. Vi er over halvegs med konsertane. Igår Airegin i Yokoama, ein times tur med tog frå Tokyo. Det var bra. Betre enn Nardis. God stemning blant oss og god stemning i det rommet. Altfor lite folk. Også her fekk eg kjensla av at dette går på gammal vane og at vår organisator ikkje stiller krav til arrangørklubb om å trekka folk. PR´en er altfor dårleg. Har desse klubbane nokon som helst registrert "medlemsmasse" og sender dei ut info digitalt? Det er mulig at klubbar som Nardis og Airegin er på nedad, eller at dei eigentleg ikkje er så interessert i å presentere annan musikk enn det dei gjer, som i stor grad er japanske musikarar som spelar det nord-amerikanske standardjazz-repertoaret, ispedd litt frijazz og variantar av japansk eller amerikansk jazzrock/fusion om du vil. Det ser iallfall slik ut på månadsprogramma som ligg framme på desse to klubbane. Dette veit eg eigentleg lite om, men eg stiller meg mange spørsmål om det å turnere her på dette nivået. Det er forunderleg at vår organisator, etter å ha gjennomført så mange turnear med norske musikarar ikkje gjer meir for at det skal bli fulle hus. Ombord i toget er 6 mann i følge. Vi reiser med 19 kolli bagasje der den tyngste kofferten på 25kg innheld ein mixar og 8-10 mikrofonkablar med meir. Vi har kontrabass, skarptromme, tung cymbalkoffert, ekstra mikrofon/kabelkoffert, Cd koffert, vinylkoffert, og i tillegg eigne koffertar og ryggsekkar. 19 kolli altså. Det er imponerande at vi gjer det. At dette følget med så bra musikarar på eit så høgt nivå orkar å gjera det. Ser organisatoren det? Og høyrer han at dette er unik musikk, at eg saman med desse musikarane skapar unik musikk som kan nå svært mange fleire lyttarar? Vi susar avstad og det er heilt greit å reisa ut av Tokyo etter 5 netter på det samme hotellet, og i den folkemengden som er der. Støynivået og trengselen. Fint å komma ut "på landet"?Snart Joetsu på vestkysten av Japan - mot nord. Bildet er frå Airegin, Yokohama.