29 desember 2008

på tampen

av totusenogåtte er det høveleg med litt statistikk. bloggstatistikk. eg skriv her innlegg eitthundreogfemtisju. dei har eg fått omlag førti kommentarar på. eg har ikkje peiling på kor mange som les det eg skriv, men nokre må det no vera. og det tykkjer eg er kjekt å tenka på. eg har ikkje skrive særs om jula iår. trengte ein pause der. lei av meg sjølv kanskje. det har vore ei fin og roleg tid og eg er mest glad for at sola har snudd. merkar det er lysare allereie. no kjem den kjekkaste festen - eller den med lengst tradisjon. må finna ut når kåre og eg feira nyttår saman for første gang. han kjem med familien sin imorgon - og det sjølv om han nyleg mista far sin. gledar meg til å laga nyttårsmåltidet saman med han, og servera det for fleire gode vener. me blir fjorten til bords med stort og smått. det er sjølvsagt kalkun. også statistisk sett riktig. har aldri vore anna sidan vi begynte. men siderettane varierar alltid. men før det blir det baccalao. altså imorgon. vi feirar dagen hans (kåre sin altså).mykje festivitas og lite statistikk eigentleg

11 desember 2008

i ro

i oslo. det blir ikkje Årdalstangen før jul. nei, eg må ta det roleg. blir her. nok reising iår :-) igår var eg på gangfest hjå Samlaget.
sakna portvinen - for der fanst mange gode ostar! hadde kjekt selskap og fekk prata med fleire hyggelege folk. det einaste "julebordet" mitt iår. men eg kan ha eit julebord for meg sjølv imorgon. har lurt litt på det. Igår mastra eg norskjazz no utgjevinga mi. høyrer på den no og må seia at eg er overmåte nøgd. her er ein front som er forkasta. jobbar med saken for å seia det slik. ting tek tid. som all tid. og godt er vel eigentleg det......

09 desember 2008

ferdig i nord


Den reisande trio :-)

for å avslutta turneblogg legg eg ut eit par bilder frå sistedagane. er no attende i Oslo, der eg har forholdsvis rolege dagar før jul. det spørs om det blir ein tur til Årdalstangen kommande helg. både for å sjå etter huset og mor mi, og treffa søsken. litt strevsam tur er det - men eg skal vel klara den. idun blir med. det blir koseleg.
her er eit "kunstbilde" av tjeldsundbrua.

02 desember 2008

fine fjell og felefar


Her er nokre bilder frå forrige veke. På tur til Lødingen var det vel? Hadde ein fin biltur då - sjølv om det som kjent blir veldig fort mørkt her. Idag i Narvik skumra det i eitt-tida og det er mørkt halv tre. I morgonlys og skumring skjer det mykje flott på himmelen. Det går jo ikkje frå lyst og rett til svart. Grenseområder interesserar meg - som kjent.


Og slik ser det ut når me har rigga oss til - enkelt og greit! Spelar nokre konsertar heilt akustisk, nokre med ein høgtalar for å få løfta hardingfela og nokre med full rigg som betyr to høgtalar, mixar og ein sub - der alle instrumenta er mikka opp. Idag spelte me for 190 ungdommar i Ankeneshallen. Det var ein fin gjeng som lytta iallfall - og ikkje lot kjeften gå. Fint å spela for dei - men slike hallar er ikkje mitt favorittlokale. Betre med denne storleik - som på bildet.

Og her stemmer felefar fela til bestefar min :-) Kelly frå statane heng på veggen bak. Det var jo nokså morosamt. Me spør klassane på førehand om dei har lyst å tegna store bilder av ei hardingfele som me kan bruka som dekorasjonar. Så langt på denne runden er det ingen som har gjort det. Her har ein lærar vore på nett og printa ut eit visst tal posters av ei hardingfele og Loretta Kelly. Litt av eit "bakteppe". Og me hadde ein veldig fin konsert på Lødingen skule. Dei var heilt med!

01 desember 2008

Narvik

Mandag i Narvik. Det kom mildvær og snøen er i ferd med å regna vekk. Byen ligg 1407 km. frå Oslo. Hadde tre konsertar her idag. Først to i Folkets Hus, så ein på Framnes U. skule. Livleg ungdom for å seia det pent. Ikkje vanleg her å ønska velkommen til konsert eller takka for den etterpå. Byen ikkje fullt så livleg. To mastodontar av nokre kjøpesenter har rest seg sidan sist eg var her. Dit dreg dei. Folk. Stusselege bygg med stusseleg innhald. Og kinarestauranten nådde ikkje opp på Leknes-nivå gitt. Eg blir alltid tvilsam når det er rå tomat og agurk med - og når det er brokkoli i "biff i chilisaus"-retten. For salt var den og. Dei vil alltid klaga å kyta desse kravstore omreisande musikantane. Eg har sju - 7 konsertar igjen, og det er berre å paisa pao.