08 april 2010

djupt inne

I musikken. Jobbar. Eg er i det avsluttande arbeidet med oppfølgaren til mitt album "Urbs" som det no er over fire år sidan eg gav ut. Mange av komposisjonane har eg spelt med bandet mitt dei siste tre åra og innspelinga er meir basert på samspel, altså opptak av når bandet spelar, meir enn studio-arbeid - pålegg. Urbs var i stor grad det. Det nye albumet blir annsleis. Det triggar meg å jobba. Eg jobbar vel helst for mykje. Er produktiv som det heiter. Må legga ved eit bilde av mine horn her. På den nye innspelinga brukar eg nemleg 5 ulike - inkl. ten.saxen. Meir om dette kjem. Men her er dei samla på golvet på øvingsrommet: