31 januar 2011

klangløft : kunstløft


ifjor fekk eg midlar av norsk kulturråds kunstløftet - til å dukka inn eller ned i eit skriveprosjekt som går på å formidla mine erfaringar i det å ha reist rundt på norske skular og spela for born - noko eg har gjort sidan 1985.
eg har hatt nokre periodar der eg har arbeida intest med denne teksten, men kjenner at det står framleis mykje igjen. det er som med musikken - som å komponere. ein må ta vekk og ta vekk - for å sitta att med noko som kan og skal formidlast. målet, eller kven dette skal ut til, kven skal lesa det må sjølvsagt også vera tydeleg. eg har lyst til at desse erfaringane - både konkret og meir teoretisk skal komma mange til gode - fordi dei er viktige.
Eg har arbeidstitlane: Å vera til stades i klangane (om å presentere improvisert musikk for barn) som overskrift. Les du dette vil eg gjerne ha tilbakemelding på om du blir nysgjerrig: Her er litt meir om det eg arbeidar med:

Tekstane eg arbeidar med, er ein turnerande musikar sine tankar om å halda konsertar i barneskulane i Norge.
I det tilbakeblikket og den refleksjonen som tekstarbeidet har mål av seg til å bli, er refleksjon i augneblinken sentralt. Både i musikken og i skrifta. Eg skriv det ikkje slik det var. Eg må skriva det som var, til ein ny stad. Er det ellers nokon grunn til å skriva? Eg har som mål å skapa tekstar som byggjer på min bakgrunn og mine konsertrøynsler med barn, også som sjanger-overskridande musikar og komponist. I tekstane vil eg fokusere på korleis ein musikar må inngå i ein mangslungen og samansatt formidlingssamanheng i konsertmøter med barn. Dette møtet kan ikkje reduserast til kun musikalske element, eller definerast snevert.

I perioden 1985-2010 har eg gjennomført over 2000 konsertar i skulen som turnerande musikar for Rikskonsertane sine skulekonsertar *turneliste). Den erfaringa eg gjennom dette har tileigna meg har hatt stor verdi for meg som utøvar/komponist med ei karriere som jazz- og world musikar i Norge og utlandet.

Teksten vil synleggjera mine erfaringar med formidling av kunst for barn. Den set søkelyset på den kunnskapen eg som musikar sit inne med, og utforskar nokre “skilnader“ i høve konsertar for vaksne, samt funderer over improvisasjon som verktøy i musikkformidling. Svært få musikarar har skrive eller sagt noko om dei vilkåra og dei utfordringane ein som kunstnar står overfor i produksjon, presentasjon, formidling av musikk for barn/unge, frå ein personleg og fagleg ståstad (som til dels autodidakt musikar / komponist).

Dei ulike aspekt og funderingar i teksten vil ta utgangspunkt i skildring av “ein / fleire vanlege“ skulekonsert-dagar, kva tettstad som helst i Norge. Skildring av dei konkrete møta mellom musikar og publikum.

Skulekonsertane har styrka meg i trua på at det er muleg å nå langt ut med langt såkalt «avansert» musikk. Det har styrkt meg i trua på barn som lyttarar er ekstremt til stades og får med seg det meste nettopp gjennom å lytta, bruka øyra. Desse perspektiva er for meg svært interessante og viktige. Eg vil arbeida for å få publisert teksten - tekstane - Håpar og trur dei kan ha interesse for mange. Både musikarar og folk i utdanningsystemet og kunstverda.

17 januar 2011

åpen eller lukka klasse

før helga fekk eg vita at eg var innstilt til spellemannprisen 2010 for Ossicles. eg vart glad og stolt. nominert i den vanskelege klassen åpen klasse. idag var det pressekonferanse. selsomt, ikkje direkte morosamt. besynderleg rart. på ein annan planet? eg vart geleida ned ei trapp. det var etter ei stund kaffi å få og sjokolade stod det der. eg vart informert om at eg skulle gå inn i eit rom ved sidan av når eg fekk melding om det. der skulle eg stå framom eit kamera og fortelja om meg sjølv og utgjevinga mi. kva eg heitte og kven eg var og i det heile. tv2kameramannen sa at han ikkje i det heile hadde peiling på journalistikk, eller kven eg var og kva eg var nominert for eller i det heile kva eg gjorde der og i det heile teke, og tv2dama som geleida meg inn sa at det var viktig å gje av seg sjølv. eg gjorde som dei sa. det kom litt brått på. men eg spelte litt på bukkehornet også. det trur eg kom som eit sjokk på dei. at nokon kunne ta fram eit instrument å spela. så var det å venta til pressekonferansen skulle begynna. cirka ein time. då hadde eg ein hyggeleg prat med ein trekkspelar, ein jazzmusikant, ein plateselskapsmann, ein rockar, og ein byråkrat eller to. eg drakk kaffi og åt eit godt smørbrød med stavanger-skinke av alle ting. eg forstod ikkje at pressekonferansen var i ein annan etasje og at journalistane etter at den var ferdig fekk melding om at vi - artistane kunne treffast i etasjen under. ingen informerte oss artistar noko særleg om noko som helst. dette var noko eg burde vita for slik gjorde dei det året før. brått fekk vi melding om å gå opp ei trapp for no kom pressa ned. dei gjekk raskt igang med å intervjua og ta biltete og video av artistar som etter det eg har fått med meg er intervjua omlag tre hundre dagar ellers i året. eg er ein gammal ringrev i bransjen og har jo sett det før, men eg blir like overraska kvar gong. det virka som om det var liten interesse for andre enn dei som allereie er kjente for dei fleste. dette er ein rar mekanisme å oppleva for ein som er så naiv og tosken at han trur at dette handlar om breidden i norsk musikk - som eg ser på meg sjølv som representant for. er det berre på papiret at spellemann skal vera ein fest og ein pris for alle i bransjen? og kven i all verda er det som utdannar desse einspora idiotane av nokre journalistar som forfell så fort? dei kan jo ikkje ha verken nysgjerrigheit eller integritet ein einaste ein av dei? kva er det dei lærer på journalistskulen? til dags dato har ingen i norske media intervjua meg i samband med at eg fekk buddy-prisen heller (norsk jazz høgaste utmerking). ikkje ein. men no må eg ikkje spore av. eg vil ikkje framstå som nokon grinebitar og vera sur for at eg liksom ikkje får noko merksemd. slik er det ikkje. eg får nok merksemd - men ikkje musikken min! ha meg unnskyldt. men eg stiller meg veldig undrande til desse "mekanismane". kvifor er det slik i dette landet - og store deler av verda, at fokuset på dei som allreie har fokus blir fokus igjen og igjen (filosofisk sagt). at det er plass til anna? vi får den pressa vi fortjener. den musikken vi fortjener ut frå pressa? nei. musikken er langt forut for pressa. mangfaldet er stort. og dei som arrangerer spellemann ser det kanskje. prøver. norsk presse gjer ikkje det - i det heile teke. dei er heilt "lost" og gjer ikkje jobben sin på ein pressekonferanse som dette. dei er rett og slett ikkje interessert - i breidden i norsk musikk. rett og slett ikkje interessert i musikk. det var eigentleg godt å få det konstatert. igjen. så veit eg kva eg går til - kven eg har med å gjera på den kanten, når prisar skal delast ut.

13 januar 2011

211

innlegg. med dette. og dette handlar om duoen isglem - i totusenogelleve. ikveld skal vi spela på all ears festivalen. berre øyra og det er ikkje berre berre. det veit me alle. det er ein festival som har holdt det gåande i ti år. betydleg kortare enn duoen som skal opna festivalen ikveld. men like fullt superbra. isglem oppstod i 1987. forrige århundre mao. gledar meg like mykje til å spela konsert ikveld - som før første konsert i 1989 må det vel ha vore. det handlar om å sleppa seg - og la musikken bestemma, la instrumentet bestemma, og samspelet. dette intuitive uråd å setja ord på. og det skal vi vera glade for at det er. så vanskeleg å setja ord på musikk. heldigvis. og av og til ikkje. avogtil forjævlig men heldigvis at det ikkje er råd - omtrent. eg pussar horna. blæs litt. pustar. spelar snart. igjen - takkar gudane mange for at musikk finst i meg -

10 januar 2011

bøker

eg er inne i eit skikkeleg godt lese-raid, og er i ferd med å katalogisere boksamlinga vår. ein fin kombinasjon det. det siste som eit resultat av at det måtte tørkast støv av bøkene som dekkar ein heil vegg i vetlestova på sinsen. mange eg kjenner har pakka bøkene sine ned i kassar og satt dei på loft eller i kjellar. dei argumenterer for at det liksom ikkje er plass - i dei svære stovene dei har. eg mistenkjer dei for å lesa og sjå for mange interiørblad. dei såkalte interiørarkitektane ( der er det mykje rart) har stor makt over det norske folk. trenden no er jo at det helst ikkje skal vera eit menneske eller ein ting i interiøret. og helst skal det målast kvitt. morosamt er det. eg tykkjer bøker er vakkert. eg likar å omgje meg med dei. dei skal stå framme. dei er ein del av meg og viktige for meg - veldig mange av dei. vel og merka så siler eg no. det er eindel bøker som ryk ut, som eg aldri har hatt noko forhold til, som eg aldri har lese og heller ikkje kjem til å lesa. dei går til fretex eller ..... til papir-attvinning. ikveld skal eg begynna på bokstaven j der roy jacobsen med vidunderbarn er første mann ut. eg las den nyleg. ei flott barndomskildring frå 1960-åra. eg har også lese Per Fuggeli si bok "Døden, skal vi danse" eg tilrår den. døden er tabu i vårt samfunn - og det er mildt sagt eit paradoks - i livet som aldri har annan utgang enn døden

08 januar 2011

2011 ambisjonar

GODT ÅR! Det tek litt tid å komma igang - men eg har etterkvart innfunne meg med at det er 2011. og for å vera ærleg, rettare sagt, har eg vore igang frå dag ein. men ikkje her på bloggen. det skal det bli ei endring på. eg har ambisjonar for 2011 - som alle andre - reisa mindre, skapa meir, kan kanskje stå som "hovudparole" for meg, utan at eg vil gå i detalj. då går lufta litt ut av det heile. ein skal halda igjen noko. som skapande må ein det, ikkje busa ut med det ein er igang med å skapa, letta på lóket for tidleg. Idag har eg vore på ski med jentene mine og øvd på bukkehornet mitt til Draumkvedet-konsert imorgon. gledar meg til den......"ei lang indre reise", skreiv ein kritikar og det er nett det det der -