25 februar 2008

eg deltok på flokk:larm

musikkarrangementet som kom til oslo nokre dagar her i februar. det var moro. og underleg.fint og forunderleg. her kunne ein høyra mykje god og mykje dårleg musikk, og det som forundra mest var å sjå korleis flokkdyret i oss opererar ved slike tilstelningar. kva er det som gjer at det tilsynelatande ut av ingenting strøymde på med folk til ulike konsertar, medan andre musikarar spelte for nærast tom sal? og det på konsertar som i kvalitet og nivå var heilt på høgde. i mine auge vart mykje god musikk valgt vekk til fordel for det som i forkant var så opphausa at underteikna fekk kvelningsfornemmingar. historieløysa er ekstrem i musikkbransjen. og særleg i norge. her kan alle skriva om musikk. og gjer det. og dei skriv at dette er så nyskapande og fantastisk og har aldri vore gjort før. herregud.dei undervurderar sine lesarar så til dei grader - og dei tenkjer ikkje over det eingong. det er berre så ufatteleg dårleg og lågt nivå på til dømes det aftenpoften får seg til å skriva at ein kan spy. dei marsjerar i flokk og publikum med. grunnlag for eigne meiningar får ein ikkje ved å marsjera i flokk. det var uansett fantastisk å i løpet av ein laurdagskveld ha mulegheit til å høyra shining, katzenjammer, afenginn, finn coren, huntsville og karin park. tidlegare på dagen spelte kine til lunsj. konsertane mine med olav toget torsdag og bandet mitt fredag, er eg veldig nøgd med. kanskje vi får ein jobb i Paris i det minste.

15 februar 2008

FFNM: Folkerørsla for norsk musikk

idag er siste dagen i første rikskonsertrunde denne våren. det blir eindel av det framover. femten konsertar på sju konsertdagar i ungdomskulane i Nordland er unnagjort. det var lenge sidan eg hadde turnert i ungdomskulen. ei positiv oppleving. det er på mange måtar lettare å kommunisera med dei, eller få dei til å lytta på musikken over eit lengre tidsrom utan å måtte ty til verbale sidesprang. ikkje det at konsentrasjonsevna er av langvarig kaliber, men likevel. svært få, om nokre av ungdommane i det heile, hadde sett eller høyrt lyden av ei hardingfele eller eit bukkehorn før. å merka at dei sakte men sikkert vart drege inn i musikken vi (håkon, harald, meg) framførte var moro: sjå føtene begynna å gå på sistelåten. kanskje nokre av dei fekk ei a ha oppleving? kanskje. det må uansett sterkare lut til i forhold til nordmenns forhold til eigne tradisjonar når det gjeld musikk. ein kan bli deprimert av situasjonen. på turar som dette får ein høyrt eindel ufrivillig radio. reine torturen å høyra oslokjekkaspipestemmene bombadere eteren med vås og innhaldslause pønsj-linjer. høyres noko underleg ut når ein sit i den ytterste utkant på helgelandskysten for å seia det slik. og tristast av alt: ikkje ein norsk-språkleg song er å høyra. ikkje ein. tilogmed på nitimen idag som dura ved det utruleg fantastisk overdådige bugnande frokostbordet i bokstilbygget på ørnes hotell, var dei tre første låtane patetiske svisker sungne på engelsk. ikkje til å tru. slik sett er det jaggu godt turneen er over og ein kan bestemma sjølv om ein vil høyra radio eller ei. det skal bli fantastisk å reisa på vinterferie med familien imorgon tidleg. vi høyrer ikkje radio i bilen, men der blir det gummi- tarzan, nordstoga, prøysen, lydbøker og litt mgp junior (litt da pappa). litt merkeleg at det i såkalt barnemusikk er heilt uakseptabelt å synga på engelsk, eller? ungane vil ikkje ha det. mange vaksne har noko å læra. kanskje på tide å oppretta organisasjonen NMPRN: Norsk musikk på radio no. Eller FFNM: Folkerørsla for norsk musikk. Mon tru om den hadde fått medlemmar?

10 februar 2008

historieløysa

plagar meg rett som det er. både i musikkbransjen og ellers. mykje som blir framstilt som nytt og nyskapande viser seg å ha opphav - eller vera gjort for lenge sidan.sanningane. kva er sanningar? TV2 er eit fjernsynselskap. dei lagar tv-program. alt som er på tv er sant. og dei spelar tv2 musikk. dei veit ikkje at eg har komponert eit verk til hembygda mi, ikkje lenger sidan enn 1996. TYA heiter det. svart kvitt program. eit godt forsøk. lang veg. kryptisk skrift. meir avklarande skal komma.

05 februar 2008

det lysnar her sør

når eg dreg nord imorgon blir det kortare dagar. ungdomskulane i bodø står for tur, saman med høgemo og skullerud. eg er spent på det. på mange måtar. fleire måtar. igjen godt å spela igjen. gledar meg mest til det. inne i vinteren. inne i skulane med sitt liv. møta folk, ungdom, lærarar. får reist og opplevd nytt. er priviligert. og eg veit det. kanskje får eg skrive noko og komponert noko. vil prøva det. igjen og igjen.