19 juni 2006

prøvane til tingingsverket ny rørsle

startar om ein time. det er alltid forventing i meg før ei slik intens veke eg no går inn i. kvar tek musikken vegen?
den musikken eg har sete i einrom å pønska ut eller henta fram eller skapt ut frå eit eller ann i meg, rundt meg. ei kraft. få fram kraft. skapa ny rørsle i dei gamle. to flotte dikt av jon fosse skal vera med og mine medmusikantar er av dei beste som finst.
gledar meg. det skal urframførast på Aasentunet førstkommande torsdag. uteamfiet der. la oss håpa det ikkje høljar ned som her i oslo idag. no får ein berre la det stå til og spela det ein er god for.

08 juni 2006

Ein kanon bør vera privat

sa Georg Johannessen til Mariann A. Fredin i Dagbladet 22 okt. 2000.
Videre: "Det er litt som med bord og seng. Du deler det ikkje med alle. Men det er viktig å vera klar over kva ein set pris på. Lesarane kan jo sjølv setta opp ei lista over kva bøker dei syns noko om, og ikkje seia det til nokon. Det har med din eigen eksistens å gjera." GJ

CD-listene mine burde eg kanskje ikkje ha offentleggjort. Gjort er gjort. Og Glenn Gould er inne der C.

Georg Johannessen er stor. Ein merkeleg skrue. Eg helste på han to gonger. Men sa ikkje mykje. Eg.

"Alle kan skriva. Alle bør skriva. Nesten alle. Men ingen bør gje det ut" GJ.