17 august 2009

Det runde

Arnljot Eggen var ein flott poet. Han døydde tidegare i vår - men dikta står. Eg var i Bokbyen Fjærland og fann der to av dei tre første diktsamlingane hans - i førsteutgåver :-). Debuten "Eld og is" fann eg ikkje, men den skal eg jakta på. Så frå den andre diksamlinga som då heiter "Jegeren" står dette diktet:

Rund er jorda svarva.
Alt må følgje hennar runding,
skip og bølgjer, fly og storm.
Barnehovud, kvinnebryst og - lender
har den same form.

Alle vandrarar på kloten
ser den runde horisont.
Aldri møter mål og ende,
aldri siste front.

Kliv i bratta, styr mot stjerner,
stup mot kløfter, gå til grunne -
Aldri skal den vengeborne
pilodd-kvesste
slite seg ifrå det runde -