25 oktober 2006

lett å hugsa. vanskeleg å gløyma

it´s easy to remember (but so hard to forget),
heiter låt nummer sju på John Coltrane si fantastiske innspeling frå desember 1962, ”Ballads”.
Ei innspeling som eg stadig og alltid vender attende til. Må høyra. Mange gonger i løpet av eit år.
Den er magisk.
Når det ikkje er krefter att dreg den deg enno lenger ned. Før den dreg deg opp.
Før eller seinare.

23 oktober 2006

dette er ei skisse til noko meir om kultur

Frankrike og Canada er land eg kan lika når det gjeld å verna om sin eigen kultur. Dei legg begge føringar på import av amerikansk film og musikk, og brukar store summar på å fremma eigen kunst og kultur. Frankrike har mellom anna innført kvotar på kor stor andel av kinofilmane som kan vera ikkje-franskspråklege.

Unesco, som er ein organisasjonen for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon, med eitthundreognittiein medlemsland, vart boikotta av nord amerika i 19 år. Og ifjor skar det seg igjen, for utsendingane som skulle skriva under ein ny og viktig konvensjon. Dei reiste brått heim att frå møtet.
Det har vore merkverdig lite debatt om både konvensjonen og at dei nekta å skriva under. Statane i nord amerika fortalde at dei ser på eit slikt «kulturløft» som det konvensjonen handla om, som eit proteksjonistisk åttak på eigen kultur. Dei meinte at den nye konvensjonen kunne føra til handelsblokadar som skada nord-amerika sine næringsinteressar.

Snu den tesen. Benins utsendte Unesco ambassadør sa: «Alle nasjonar er ikkje like. Nokon treng vern». Verdas fattige land har ikkje sjangs til å stå imot nord-amerikas aggressive merkevareeksport. Konvensjonen opner også for at andre nasjonale aspekt skal kunne gjevast mogelegheiten for kultursubsidiar, som mat, eigenart og språk.

Marknadsliberalismen har kvelartak på verda. Det var for å gjera noko mot utviklinga av at dei med mest pengar stadig får nye marknader, at Unesco arbeida fram konvensjonen. Som altså vart undertegna i 2005. Idéen bak er at dei einskilde medlemsland får sikra sine eigne mogelegheitar til å utforma sin kulturpolitikk. Konvensjonen skal verna og fremma det nasjonale kulturmangfaldet i dei einskilde medlemsland. Norge undertegna.

Åttifem prosent av alle solgte kinobilletter i verda er til ein amerikansk film. Tenk på det. Det er mange filmar. Eg ser lite film. Mange vil nok meina at eg går glipp av svært mykje. Sjølv meinar eg ikkje det. Når eg les at det faktisk er så lite variasjon i filmtilbodet blir eg enno meir sikker på at eg ikkje går glipp av så mykje. Har du sett ein nord amerikansk film har du sett tusen. Det landet forlangar at verda sine dører skal stå åpne for deira kultur. Sjølv stenger dei dørene for dei fleste internasjonale kulturstrømningar og kunstuttrykk.

Kultur er politikk. Den nord amerikanske kulturimperialismen spelar ein svært viktig rolle i deira hegemoni som supermakt, ikkje berre på grunn av ulike handelsavtalar. Men Unesco-initiativet hindrar ikkje nord amerikanarane i å eksportere film, TV og musikk. Konvensjonen tillet mellom anna lisensfinansiert kringkasting, gjev stipend til kunstnarar og andre støtteordningar. Slike ting me i Norge ser på som sjølvsagte.
Men konvensjonen vil styrka at marknadsliberalismen åleine ikkje lenger skal vera grunnlag for å sikra eit land sitt kulturliv mot forflatning og kulturell overkøyring. Kultur er meir enn berre ei vare. Konvensjonen er også meint som eit vern av kulturen i særleg fattige utviklingsland og blant urfolk. Dette vil ikkje nord amerika vera med på. Dei aksepterar med andre ord ikkje at kvart enkelt land skal kunna utforma sin eigen kulturpolitikk. Dei meinar tydelegvis at dei skal vera ei supermakt også når det gjeld kultur. Med rett eller pengar til å fortrenga kvart lands eigen kultur med sin nord amerikanske. Stakkars folk.

Eg er ein av sikkert svært få som klarar meg heilt utan såkalt ny amerikansk film.
Det er veldig enkelt. Eg let vera å kjøpa billett. Eg stiller meg totalt uforståande til den.
Eg vil rett og slett ikkje ha det. Ikkje inn i, ikkje inn i augene. Ikkje sjå det. Skitna meg til på den måten. Eg har valgt det vekk og kvar einaste dag er ein lukkeleg dag så lenge eg slepp å sjå sentimentalt sjølvhøgtideleg nord amerikansk meiningsløyse. Det går heilt fint.

Kanskje nord-amerika fryktar påstanden om at det finst andre og bedre måtar enn den amerikanske måten å leva på? At dei ser det som ein stor trussel. Frankrike var raskt ute med å utnevna gåseleveren sin som eit lovfesta kulturuttrykk, til stor irritasjon må vita.

Erkjenninga av at kultur er eigenart, gjev mogeleghetar for kunst- og kulturvern. Både til å oppretthalda mangfaldet, skapa nye dialogar og utveksla idéar på tvers av folk og nasjonar. Når små nasjonar og mindre språkområde får verktøy til å bygga støtte for kulturell eigenart, er det med på hindre at verda blir fattigare eller dummare Filmskaperen Woody Allen legg ansiktet i triste foldar når han snakkar om at han vaks opp med filmar av Bergman, Godard, Fellini, Kurosawa og andre internasjonalt respekterte regissører. I dag visar ikkje amerikanske kinoer internasjonal film.
Einsrettinga rår. Det som vert laga av kvalitetskunst – på mange fleire felt enn film i nord amerika tapar kampen mot dei gigantiske kommersielle aktørane.

Kan UNSECO-konvensjonen føra til at einsrettinga og kommersialiseringen ikkje spreier seg i så stor grad som no, utover USAs grenser? Det vil visa seg. Men ein kan tenka sitt. Når nord amerika ikkje undertegna tenker vel ikkje underhaldnings-gigantindustrien i slike baner i det heile. I Norge er me ganske så likesæle til den aukande amerikanske importen av kultur eller underhaldning – som det i 99% av tilfella er.
Spørsmålet er kva eigenart me etter kvart har å møta det nord amerikanske med. Me er iferd med å gje oss heilt over kan det til tider kjennast som,. Iallfall for ein som arbeidar med å skapa noko ut frå eigenart og eigen identitet og som faktisk aldri ser amerikansk film. Norge er ingen kulturnasjon. Det spørs om me nokon gong blir det.

02 oktober 2006

elgen song til meg

natt til søndag. eg høyrde elgen synga for første gong. låg i selet på Løst. ein støl som ligg litt over fire hundre meter over havet. på vestlandet. nærast ei hylle i berget, men litt meir enn det. med eit fantastisk utsyn over fjell, elvar, skog og årdalstvatnet. der sat eg ved eit bål til det var beksvart rundt meg. steikte lammekotelettar som låg marinert i posen sin m, sitron, timian frå eigen hage, pepar, litt havsalt og kvitløk. rett på grillrista nær glørne med dei, eg bakte poteter som eg mosa ei skjei godt smør i når dei var ferdige. det same med dei bakte kvitløkane som eg pressa ei skjei smør nedimellom kløftene før eg pakka dei inn i folie og la dei på glørne. saftig namm, mjukt og søtt. og kjøtet var rosa, mørt, saftig. den sterke varmen.
der. der høyrde eg elgen og eg trur det er første gang eg høyrde den slik. i levande live. det er ein svenks musikarven som snakka om elgsong – som også har spelt det inn på CD. Tuomo Happala. svensk-finsk bassist. må høyra den Cd´en ein gong til.
eg gjekk inn i selet og la meg. høyrde songen. tenkte at så enkelt som dette kan ein leva. vatn frå elva, stearinlys og nokre ulltepper på ei madrass på eit gammalt golv. sovna til svak knitring frå ein liten ovn i eit lite innrom som vart svært fort og genialt tenkt varmt. sov og vakna, sov og høyrde elgen.
dagen etter åt eg frokost og sat stort sett i døropninga og røykte pipe, før eg rydda bittelitt skog og gjekk ned att dei hundre bratte metrane. ei sterk oppleving rikare. noko uforklarleg eg ikkje vil forklara hadde rørt meg.